mandag 19. oktober 2009

3) Fil. 3, 9.

Fil. 3,9 Rettferdig for Gud.

Paulus trudde han var rettferdig for Gud då han var ein farisear. Feilen var at han bygde på feil grunn. Det er ikkje alle som seier dei er kristne, som er det. Me kan ikkje peika dei og døma noko på rett måte. Men i Guds augo er det skilnad. Og Paulus vart klår over det då han møtte Kristus. Han talar om to slags rettferd: mi eiga rettferd av lova, og og rettferda av Gud på grunn av trua. Alle som opplever den levande trua på Kristus, vil sjå litt av det same hjå seg sjølv.
Å vera rettferdig er å vera rett i alle måtar i Guds augo, å vera fullkomen. Ettersom dette er ei sers viktig "sak" for ein kristen, vil me tala litt meir om det. Eit ord i Bergpeika talar klårt om dette: "Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen" Mat. 5,48. Her er ikkje prutingsmon, her krev han alt.

Det er noko meir enn å streba etter å likna Gud, som S. Odland skriv. For det gjeld vår stilling hjå Gud, og ikkje kor moralske me kan vera på jord. Luther hadde ei stor naud: Korleis kan eg få ein nådig Gud? Tek me det spørsmålet for lett nå?
Lat oss samla nokre tankar om dette her:

1. Gud er fullkomen.

Bibelen viser oss Gud som heilag, rettferdig, god og allmektig på alle måtar. Me finn ingen mangler hjå Gud. Tviler du på Gud, om han fins og er slik, bør du søkja hjelp hjå dei som kjenner han, ikkje hjå dei som tvilar. Korleis kan dei hjelpa deg?

Heile Bibelen talar om denne eine Gud. Og han seier ved sin tenar Moses: "De skal vere heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag" (3. Mos. 19,2). Peter siterer dette ordet og viser slik at det gjeld i dag. 1.Pet. 1,15.

I 5. Mos. 10,17 les me: "Herren dykkar Gud, er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud." Har me gløymt Gud nå? Folk lurer seg sjølv ved å tru dei kan gløyma han. Men Gud lever likevel! Me må ropa det ut. Han står framleis ved sin vilje, han er like reell som i GT.

2. Me er ikkje fullkomne.

Det er den store kontrasten. Men du ser det ikkje om du berre samanliknar deg med andre menneske. Heller ikkje om du lagar dine eigne krav og bestemmer sjølv kva som er rett og galt. Det er ofte feilen. Me kan alltid finna nokon som er verre enn oss sjølve. det er ikkje vanskeleg å finna feil hjå andre.

Nei, du må spegla deg i Gud sjølv! Du skal vera som han, så heilag og god som Gud i Bibelen er. Du skal elska dine fiendar og hata alt vondt, også i ditt eige liv.
Jesus har forklart korleis Gud er, Joh. 1,18. Difor må me leva som Jesus levde, ikkje noko mindre. 1.Joh. 2,6.

3. Klarar med det?

Spørsmålet blir: Greier me det? Sume prøver så godt dei kan. Dei er alvorlege og prøver etter beste evne. Då gjer dei akkurat slik Paulus gjorde: dei prøver loven sin veg.

Nokre meiner dei får det til og trur dei verkeleg har lukkast. Korleis kan det gå til? Det kan skje om dei slår av på krava, gjer vegen enklare og lettare slik at eit menneske kan klara det.

Men på den måten vert dei farisearar. Dei er nøgd med det dei får til. L. Hope fortel ei likning om dette: Ein skulle byggja ei bru over ei elv. Han hogg tømmer og skulle leggja dei over elva. Men dei var for korte. Dei rakk ikkje over. Kva gjorde han då? Han hogg rett og slett av målet, då fekk han det til å passa. Men brua vart for lita!

Kva har du gjort med det? Lagar du dine eigne lovar og bod - som er lette og greie å halda? I pengespørsmål, i sexliv, i abortsaka, i homofilisaka? Eller når du snakkar om folk, brukar tida på arbeidsplassen o.a.?

Den ærlege vil snart sjå det: dette maktar eg ikkje, eg kan gi opp, slutta med alt. Eg får det ikkje til. Min kristendom er ubrukbar.
Ja, det er vegen. Den som gir opp, er på rett veg.

4. Ein ny veg: Bli fullkomen i Kristus!

Denne rette vegen er å gi opp sitt eige strev. Ingen har noko anna von. Bibelen seier det slik: Den eg vil sjå til er den elendige, Jes. 66,2. Vår elendighet er vår synd, og den må bort.

Så skjer det utrulege, eit mirakel rett og slett. Syndaren blir fullkomen, han får alt han treng. Men det skjer ikkje ved å pynta på seg sjølv eller å forbetra seg. Ingen blir bra nok då.

Nei, me får alt me treng av Gud, av nåde ved tru. Guds eiga rettferd vert tilrekna oss som ei fri gåve. Difor kan profeten seia: Kom og kjøp utan pengar og utan betaling. Jes. 55,1.Og det kan skje avdi Kristus har betalt nettopp for vår rettferd.

Den som omvender seg og trur, får dette av nåde. Dette er det Paulus skriv om: "Den eg får ved trua på Kristus, rettferda av Gud på grunn av trua," Fil. 3,9. Då er eg funnen i han. Då reknar eg ikkje lenger med lova og kva eg kan oppfylla. Då er eg gjort fri frå mine "plikter" til å leva fullkoment.

Det er dette han meiner i v. 8 når han seier at kunnskapen om Kristus Jesus har så mykje større verd enn hans eige liv. Han tenkjer ikkje på ein død teoretisk kunnskap. Nei, her er det tale om ein opplevd kunnskap, noko ein lærer å kjenna ved å erfara det. Ordet for å kjenna tyder det.

Nå er spørsmålet: Er du ein slik personleg kristen, som kjenner Jesus ved denne erfaringa? Har Gud ved sin Ande fått synt deg at alt ditt eige må du forkasta, det kan ikkje brukast? Og så lært Jesus å kjenna på denne måten: Han er di eine og einaste rettferd? Utan den er du fortapt.
Men ennå er det tid. Me kan koma i dag.