lørdag 24. juli 2010

18) Simeon. Luk. 2, 25-35.


Luk. 2, 25-35.

Det er alvorsord som manar oss til ettertanke og sjølvprøving. For bibelteksten gjeld oss og vårt åndelege liv. Kva kan dette visa oss?

Gamle Simeon får ein fin attest her. Han kan stå som mønster for oss alle kristne.
- Han var gudfryktig og rettferdig, v. 25.
- Han venta på Messias. Han hadde høyrt og lest om han i Det gamle testamentet.
- Han fekk ei openberring, v. 26. Dei bibelske menn og kvinner fekk noko spesielt, dei levde i ei openberringstid.
- Han fann Jesusbarnet i templet og tok han i armane sine. Det var ei stor stund. Og det var ikkje av di han fekk sjå og halda eit barn slik mange synes er flott. Nei, det vart openberra for han at han såg Guds eigen Son i kjøt.

Slik kan stova di eller fiskebåten bli eit tempel. Gud kan møta oss alle stader, både til oppgjer med våre synder og med evangeliet si frigjerande kraft.

I denne stunda sa han noko. Det var store ord med ei stor tyding – både for han sjølv og for ettertida. Sjå litt på dei nå:

1. Han var ferdig til å døy, v. 29.
No kan du la tenaren din fara herifrå i fred, sa han. Han var ikkje lenger redd for å døy. Det godt å kunne seia det. Det er ei visse som berre Guds born kan ha. Er det mogeleg? Slik har dei det ikkje i andre religionar, t. d. i Islam. Dei må venta til domedag for å få vita om dei er frelste.

Heller ikkje humanetikarar og andre verdslege folk har ei slik visse. Somme har sagt til seg sjølv og høyrt av andre at det er ingen Gud. Gjer dei det lenge nok, sovnar dei inn åndeleg tala og blir forherda. Då lever dei i dødens fred.

Men Guds born har lov å tru det. Bibelen seier det er slik, sjølv om me ikkje alltid kjenner det slik. Våre kjensler skifter dagleg og me kan ikkje lita på dei. Men Guds ord er like fast, om så jorda går under. Difor bygger med på det.

- Job seier: Eg veit at min gjenløysar lever, Jon. 19, 25. Midt i trengslene han opplevde, visste han det. Han hadde ein som kunne berga han får alt. Og det skjedde i hans time.

- Paulus skriv: Eg veit kven eg trur på.  2. Tim. 1, 12. Trua hans var ikkje ei gjerning eller ei oppleving eller sterke kjensler. Nei, trua var knytt til ein mann, ein person, ein som gjekk god for han i død og dom. For Paulus hadde møtt han ved Damaskus og visste at Jesus frå Nasaret var Guds eigen Son og verda sin Frelsar.

- Johannes skriv: Dette har eg skrive så det skal vita at de har evig liv. 1. Joh. 5, 13. Her ser me altså at ordet om frelse og vissa om det finn me i dei heilage Skriftene. Det står i Guds bok, og kven vågar å tvila på det?

2. Kva var årsaka?
Simeon såg barnet. Og det var ikkje berre eit ytre syn av eit menneskebarn. Men han såg kven han verkeleg var. Barnet var Frelsar. Og han skjøna at berre dette barnet kunne frelsa eit menneske.

Men det er ikkje nok med historisk kunnskap eller å akseptera og godkjenna kristendommen. Heller ikkje handlar det om følelsar og stemning. Som Simeon må me óg sjå at barnet er einaste frelsar frå synd og dom og evig død. Sagt på ein annan og kanskje utruleg måte: Det er det åndelege synet på han som frelser oss.

Frelsa skjer ved personleg tru på Jesus, ved å ta imot han. Alle dei frelste i Bibelen var personlege kristne. Dei hadde møtt Jesus sjølv, og det endra livet deira totalt.

Dette inneber også eit personleg oppgjer med Gud om synd og svikt og heile vårt gamle liv. Det er ikkje eit fint syn for oss. Vårt gamle og nyare synderegister er langt og stygt når me ser inn i oss sjølve og tek fortida på alvor. Såg me ikkje meir enn det, vart me med god grunn fortvila og ville gå under.

Men Bibelen syner oss noko meir: Det er forlating for synda. Dersom me sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig så han tilgir oss synda og reinsar oss frå all urett. 1. Joh. 1, 9. Han gjer det på grunn av Jesu blod, det vil seia hans død på Golgata for alle synder.

Gud tilgir og forlet all synd, og på den grunn kan me ha visse om frelse. Han har teke alt på seg. Frelsa er nå ei gåve.

3. Dette skal vidare ut, v. 31f.
Her talar me altså om misjon i vid tyding. Simeon seier at Gud har gjort i stand frelsa for alle folks åsyn. Jesu kome og Golgata var ikkje berre for nokre utvalde eller for jødane. Alle folk er rekna med. ”Ikkje en så ussel er at ei Jesus har ham kjær.”

Vidare seier han at det er eit lys til openberring for heidningane. Heidning i bibelsk meining er alle utafor jødefolket. Heidningane har alltid levd i mørke utan kjennskap til Guds rike. Mørke tyder altså ikkje her utan kunnskap, vitskap og t.d. teknikk. Dei lever i åndeleg mørke. Evangeliet kjem då med lys på ein heilt ny måte for dei.

Når det gjeld Israel, skal dette bli til herlegdom for dei. Dei hadde spesielle lovnader, m. a. om Messias som skulle koma i dette folket. Når dei ein gong tek imot frelsa i Kristus, vil herlegdomen bli mykje større for dei enn for heidningane. Dei vil oppfyllinga av heile Guds ord på ein ny måte.

Misjonsbodet seier det klårt: Gå ut i all verda, Mat. 28, 19. Det er vårt kall, og me skal stadig gå lenger ut til nye, unådde folk. Jesus leitar etter frukt der og lengtar etter nye som kjem. Og han ber oss om å gå. ”Misjonens Herre venter på unge som vil gå….”

4. Evangeliet møter motstand, v. 34-35.
Evangeliet set skilje i verda. Då blir det eit ”innafor og eit utafor” alt her på jorda, sjølv om me ikkje alltid kan sjå det. Og evangeliet skapar smerte og ikkje berre glede. Og me vik somme gonger unna når motgangen kjem.

- Jesus er sett til fall og oppreising. Det tyder skilje. Somme tek imot og får eit nytt liv. Andre blir forarga og seier imot. Profeten Jesaja kjem med ein profeti om dette i kap. 8, 24f.: Han skal verta til ein heilagdom og til ein snåvestein og eit støyteberg, til ei snare og eit reip. Den same profeten talar i kap. 9 om sonen som skal koma og herreveldet hans skal verta stort, 9, 6-7. Jesus sjølv seier i Mat. 21, 44: Den som fell på steinen skal verta knust. Men den som steinen fell på skal smuldrast til støv.

- Jesus skal verta til eit teikn som vert motsagt, seier Simeon vidare. Soga har vist til fulle at det er sant. Og i vår tid ser det ut til å bli verre og verre. Der kristendomen blir teken på alvor, kjem ein ”naturleg” reaksjon.

Me er ofte sløve og lunkne i livet som kristne, og då bryr ikkje verda seg. Men då er det noko feil med oss. Paulus seier: Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler, Apg. 14, 22. Det høyrer med, sjølv om ikkje trengslene er like alltid eller har same kraft og intensitet.

- Eit sverd skulle gjennombora sjela til Maria, Jesu mor. Ho skulle og kjenna smerte då sonen vart fornekta og jødiske leiarar og måtte lida og døy. Men Guds ord skal nå like til hjarta, og då vil alle kjenna smerte når synda blir openberra og nådelyset viser at me må få alt av Gud for å bli frelst. Det smakar aldri vår gamle natur.

Den gamle lekpreikaren Ole Langeland sa ein gong: ”Å fara herifrå i fred kan berre den som er reinsa i Jesu blod og har fått rettferda av tru.” Det er det store spørsmålet her i livet og i æva. Amen.
.