lørdag 13. november 2010

38) Gal 3, 5-11.

38) Gal 3, 5-11.
Frelst ved tru.

Det er ei lov i Guds rike at trua frelser oss. Då står ho i motsetnad til lova og gjerningane våre. Og her brukar Bibelen m.a. Abraham som døme. Han vart gjort rettferdig ved tru, står det. Og alt då vart det sagt at heidningane også skulle bli frelste ved tru. Det er berre ein veg til frelse.

Å få Anden er ikkje kjensler og ekstase eller store opplevingar. Me blir frelste ved tru. For då viser Anden oss til Kristus og hans verk. Å få Anden blir difor eit uttrykk for å verta frelst. Gud vil visa oss at det ikkje er me som får det til. Alt er hans verk.

Luther har sagt i kommentaren til Galatarbrevet: Frelse ved tru er hovudartikkelen i den kristne trua. Også fornya i kristenlivet vårt skjer ved å tru. Heile livet er eit trusliv der me har tiltru til Gud og hans gjerning. For å få den, må me missa trua på oss sjølve. Det heng nøye saman.

Kva er tru? Her vil me stansa ved nokre sanningar om det.

1. Tru er det motsette av lova.
Tru og gjerning utelukkar kvarandre. Me kan ikkje gjera noko til frelse. Om du oppfylte boda så godt du kunne, var det ikkje nok. Me vil aldri grei det fullkome. Gjerningane er ubrukbare, sjølv om dei er kristelege og gode. Det kan vera bøner, offer og eit fint liv her i verda. Det kan ikkje frelsa oss. Me må avskriva alt vårt eige og sjå heilt bort frå oss sjølve.

Eigentleg er det slik at  me ikkje kan gjera ein einaste ting til frelse. Men det er vanskeleg for oss å sjå klårt. Tollaren i templet såg det, Luk. 18, 10ff. Han visste at han var ein syndar og vona berre på Guds nåde. Det er den rette innstillinga.

2. Alt er forgjeves utan tru.
I v. 4 talar apostelen om at det kan vera forgjeves for lesarane. Og grunnen var og er at Gud berre reknar med tru når han skal frelsa og gjera oss rettferdige. Alle offer til Guds rike, religiøse opplevingar og det du har vore før som kristen t.d. kan ikkje vera grunnlag for frelse. Du kan ikkje lagra noko i ditt liv for å bruka det for Gud når du møter han.

Manna i GT er eit godt døme på dette. Dei måtte henta manna kvar dag og kunne ikkje gøyma han til neste dag – med unnatak av sabbaten 2. Mos. 16, 4ff og Joh. 6, 31. Dei skulle gå ut på marka kvar dag og sanka det dei trong den dagen. Elles ville det rotna bort og vera skadeleg. Dette var midt i øydemarka. Sabbaten var Guds dag då dei ikkje skulle arbeida, og difor gjorde Gud eit unnatak for den dagen.

Jesus seier i Joh. 6, 35: Eg er livsens brød. Slik samanliknar han seg sjølv med manna. Å verta fornya i kristenlivet er å sjå han på nytt. Det er å sjå seg sjølv som ein like stor syndar nå som tidlegare, ja, kanskje du ser endå meir synd nå. Og så får du tru at Jesus er frelsar også i dag.

3. Tru er tillit til Guds ord.
Og denne tillit strekk seg også til det som synest å vera umogleg. Hebr. 11, 1-3 seier noko om det. Ved tru skjønar me at verda var skapt ved Guds ord, står det. Det er ein av dei ting som folk ikkje kan skjøna.

Eit anna døme er Abraham, som Paulus nyttar. Gud hadde gjeve han ein umogeleg lovnad: Han skulle få eit barn med Sara, sjølv om begge to var svært gamle. Kunne det gå an? Etter menneskeleg tankegang var det umogeleg. Ein nittiåring kunne ikkje føda born – slik var det altså også på den tida.

Men Abraham kjende Gud og visste at då måtte han gripa inn med eit under. Det er tru. Då viste Abraham at han hadde tillit til det Gud hadde sagt, og tanken hans rett seg inn etter det. Tru er å tru at det urimelege kan skje. Det er vanskeleg for tanken, men likevel sant.

Slik er det med frelse og fornying. Her kan me fylgja Abraham. Me syng slik: ”Gjør du som Abraham gjorde…”

4. Ved tru blir me rettferdige.
I v. 11. siterer Paulus eit ord frå profeten Hab. 2, 4 som prov på rettferdiggjeringa ved tru: ”Og at ingen vert rettferdiggjort for Gud ved lova, er klårt, for: Den rettferdige av tru, skal leva.” Det er siste setning som står hjå profeten.

Det er i grunnen eit underleg rekneskap. Eg har mykje synd og urett i meg, ja, berre synd. Og så skal eg bli fri alt dette utan å gjera noko slag. Det stemmer ikkje med vår menneskeleg tankegang. Men slik reknar Gud. Han overfører heile si rettferd til syndaren som kjem og trur på Jesus. Og all mi synd tok han på seg på krossen.

5. Trua kjem av å høyra.
Me kan ikkje arbeida oss opp til å tru eller tvinga trua fram. Galatarane vart frelste ved å høyra trua forkynt, v. 5b. Det er ”troens forkynnelse”, som det stod før. Og i Rom. 10, 17 skriv den same Paulus: ”Så kjem då trua av forkynninga som ein høyrer, og forkynninga som ein høyrer, kjem ved Kristi ord.” I den gamle nynorskbibelen frå 1938 sto det slik: ”So kjem då trui av forkynningi, og forkynningi ved Kristi ord.” Me kan og ta med oss omsetjinga frå 1978 bokmål: ”Så kommer da troen av det budskapet en hører, og budskapet kommer av Kristi ord.”

I alt dette ser me klårt samanhengen mellom trua og Guds ord, og særleg ordet om Kristus. Når evangeliet om han får lyda klårt, vert trua fødd i hjarta. Me får tiltru til dette ordet om Jesus død og oppstode. Det tenner ein gneiste i oss, og me får klynga oss til den frelsa han kjøpte til oss. Ja, det er i grunnen sjølve ordet  om Jesus som grip slik tak i oss at me ser: Der er vår frelse.

Spørsmålet er då berre om me vil ta imot det, seia ja og takk. Og det er inga lovgjerning, det er vårt enkle svar som når me får ei gåve. Takk, seier me. Har du gjort det når det gjeld frelsa?