søndag 14. juni 2015

Rom. 4, 4-5.

Rom. 4, 4-5.

Her møter me to slags menneske, og begge er religiøse og vil til himmelen. Men Paulus skil de ifrå kvarandre – dei blir heilt ulike når me ser kva han seier om dei. Det er viktig å ha klåre tankar om dei åndelege ting, elles kan me lett lura oss sjølve. Ved det kan faktisk andre også bli lurt inn på ein falsk veg. Kva seier paulus om dette?

A. Dei som har gjerningar.
Det er overskrifta over den eine gruppa. Kva tyder det?

1. Dei lagar seg sjølv ei rettferd for å bli frelst ved den. Det kan tyda fleire ting.
M.a. lever dei eit fint liv og er vel oppdregne og fører seg fint mellom folk. Dei drikk seg gjerne ikkje fulle og held seg frå ytre, og stygge synder. Nå er dei ikkje alltid gode, det kan ingen vera. Og det blir nett deira unnskyldning: Me feilar alle i noko. Men dei prøver å stå fram som vellukka og fine menneske.

Ved sida av dette er dei også religiøse. Me finn dei i kyrkja og nokre gonger på bedehus, til altars. Og dei les i Bibelen og ber sitt fadervår og kanskje litt meir. Og då er dei vel kristne?

Og mange går lenger med fleire gjerningar. Dei ofrar til misjon og Røde Kors og andre gode tiltak. Dei vil gjerne hjelpa dei som er i nød ute i verda. Dei kan også vera med i eit arbeid for Guds sak, i foreining og styre. Alt dette er vel og bra. Me treng fleire som vil ta eit tak. Men då opppdagar me det neste:

2. Dei har ikkje bruk for nåde. Det er gjerningane dei byggjer på, og nåde blir berre eit ord. Eller dei mistyder nåden og misbrukar den ved å leggja noko til nåden. Det er liksom ikkje nok at Gud vil gi oss noko. Me må ha noko anna i tillegg. Somme kan til og med styggjast ved ordet nåde. Det tek liksom frå dei alt dei har. Og det er også rett.

Nå er Bibelen klår over at frelsa er av nåde og berre av nåde. Ef. 2, 8. Ingen kan bli frelst på nokon annan måte. Nektar du nåden, er du utan Gud og frelse i liv og død. I Guds rike kan det ikkje vera annleis. Gud har bygd opp frelsa på nåde åleine.

3. Dei får løn som fortent.
Gjerningane er slik at det fylgjer løn med. Tenk berre på arbeidslivet. Til vanleg er det få som vil arbeida lenge utan å få betaling. Mange kan ta eit tak i dugnad for nabo og kjende. Men arbeidsgjevaren er til vanleg pliktig å betala for arbeid. Og slik må det vera. Alle skal ha noko å leva av her i verda.

Slik er det og åndeleg. I kap. 6, 23 seier Paulus: Den løn som synda gjev er døden. Dei kan få ros av menneske her i livet. Men på rekneskapsdagen til slutt står døden att som ein naudvendig konsekvens av livet utan Gud. Og død her tyder evig fortaping borte frå Gud. Ved at dei har forakta Gud og hans nådegåve, fortener dei ein slik utgang av livet.

Dei hadde ikkje tenkt det slik, og løna blir ei overrasking for dei i første omgang. Kanskje dei så vil sjå og skjøna at det var rett av Gud å gjera det slik. Dei har sjølve valt denne vegen borte frå Han.

B. Dei som ikkje har gjerningar.
Det er uttrykk for alle dei frelste. Dei har nok gjerningar dei og, men dei reknar ikkje med dei. Dei var berre ein del av livet. Og korleis var og er slike menneske?
            
1. Dei ugudelege.
På ein måte er dei slik lik den første gruppa. Dei var også utan Gud. Men skilnaden er at dei frelste ugudlege har sett og erkjent si gudløyse. Når dei ser på seg sjølv, kjenner dei seg som dei verste menneske på jord. Dei ser sine store synder. Og i høve til Gud og hans herlege lys, er alle synder store. Det som ofte er lite i våre augo, er alvorleg for Gud når det ikkje stemmer med hans vilje og ord.

Men framom alt ser dei inn i sitt hjarta. Og der oppdagar dei berre svart og stygt og synder som bur i oss. Dei ser seg fortapte alt nå her i livet. Det verste er kanskje at dei hatar Gud og hans vesen. Og dei veit at det var rettferdig av Gud å senda dei rett til helvete i denne stunda. Kvar ein som har opplevd dette, veit at det ikkje er lett å ha det slik.

2. Dei er utan gjerningar.
Jo, dei har gjerningar. Dei har kanskje gjort mykje godt og. Men dei er misnøgde med alt sitt eige og seg sjølv på denne måten. Dei er fattige sjeler , åndeleg sagt. Og dei ser meir og meir at det er ikkje nok med gjerningane. Omvendinga er ikkje god nok om dei prøver alt dei kan. Dei har ingen rett anger eller bøn eller noko i sitt eige liv. Alt er berre ein tapskonto. Dei har truleg gjort alt dei kunne for å tilfredsstilla Gud. Men i sjela er berre uro. Korleis skal dette gå?

3. Då skjedde det:
Dei oppdaga noko Gud hadde gjort! I Kristus! Kanskje det var ein tale som gjorde det, eller dei las i ei bok – eller mintes noko dei hadde høyrt: Jesus døde på krossen for å frelsa alle som kjem til han. Det kan skje på mange vis, men resultatet blir: Det gjeld jo meg og! Det kan eg lita på. Utan at dei eigentleg tenkte det, hadde dei byrja å tru på Han. Dei tapte trua på seg  sjølv og rekna berre med Jesu gjerning. Då hender det så ofte at me taper trua på eigne gjerningar og liv, og ser berre på Jesus. Han er vår frelse. Han har gjort det. Og det er nok!

4. Kva skjer?
I den stunda fekk du nåde og du vart fullstendig rettferdig for Gud – i Jesus. Du fekk det på same måte som Abraham. Han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, v. 2-3. Me har ikkje gjort oss fortent til frelse og rettferd på denne måten. Bibelen strekar sterkt under at rettferda vert tilrekna. Det er som om ein overfører eit stort eller lite beløp frå sin konto og over på din! Heile beløpet vert i denne stunda din kapital.

Nå er det din tur. Kom!