torsdag 27. desember 2012

168) Mark 16, 19-20.



Mark 16, 19-20.

Det er siste verset hjå Markus. Han skal avslutta soga om Jesus. Han byrja evangeliet sitt slik: «Opphavet til Jesus Kristi, Guds Sons evangelium.» Nå er alt gjort. Han kan ikkje gjera meir. Jesus er død og har stått opp. Slik viste han at han var Guds Son. Han hadde openberra seg for nokre av sine vener på jorda. Dei skulle føra verket hans vidare.

1. Jesu himmelfart.

Då alt dette var fullført, stod berre ein ting att. Han måtte heim att til sin far i himmelen. Då kom Kristi himmelfarts dag. Han forlet jorda på fysisk vis, og dei elleve læresveinane stod att. Kva ville skje med dei nå? Himmelfarten var ei historisk hending. Det har verkeleg skjedd.

Det fører oss til spørsmålet: Kva tyder Jesu himmelfart for oss i dag?
- Det eine er at me fekk ein annan himmelsk representant mellom oss. Læresveinane vart nå åleine og hadde ikkje Meisteren som lærar og leiar i dei åndelege spørsmåla. Jesus hadde gjeve dei lovnad om ein annan talsmann. Då tenkte han på Anden som skulle koma til jorda på ein ny og meir omfattande måte enn før. Det første svaret er altså pinse. Hans Ande er med deg kva du er.

- Jesu himmelfart tyder også at Jesus ikkje lenger kunne gå ikring her som menneske og tala Guds ord og gjera velgjerningar mellom folket. Det vart nå deira oppgåve. Og seinare har det vorte alle kristne sitt kall, kvar på sin plass. Me er hans vitne og representantar på jorda. Bodskapen om Jesus og hans frelse skal nå ut til alle folk her i verda. Det andre svaret blir difor misjon. Han spør om du vil gå.

2. Jesus ved Guds høyre hand.

Han sette seg ved Guds høgre hand, står det. Å setja seg er uttrykk for at arbeidet er fullført, slik me og ser i Hebr. 8, 1 og kap. 10, 12. Han har sett seg for alltid, står det. Det tyder at frelsesverket skal aldri gjerast om att. Det er eit fullkome verk som hende på krossen. Då han ropte ut på Golgata: Det er fullført! (Joh. 19, 30), var alt saman ferdig.

Nå er han ved Guds side og ber for oss her på jorda. Det er klårt ut frå Hebr. 7, 25. Han veit me er svake og skrøpelege. Det skal lite til før synda får makt over eit menneske, og det kan føra til at nokon blir fortvila og vil gje opp alt. Men Jesus er ved Gud sin truna og ber for dei som feilar og ikkje får det til. Og han sender sin Ande til kvar og ein som treng det i tunge og vanskelege tider og i medgangen.

Han går ved min side,
Han leder min gang,
Han blir ikke treet han som jeg.

Ein dag skal han sitja på domarstolen. Alle skal fram for han. Han skal døma dei gudlause på den siste dag (Åp. 20), og dei truande skal gjera rekneskap for han ved Kristi domstol. 2. Kor. 5, 10. Det blir alvor for alle. Den einaste utveg er frelse av nåde ved tru på Jesus. Då er me fri.

3. Jesu arbeid ved menneske.

Guds folk skal altså føra Jesus verk vidare her i verda. Det er kallet etter himmelferda. Det siste verset i dette evangeliet talar sterkt om det.

a) Dei gjekk ut, står det først. Det er uttrykk for at dei var lydige. Jesus hadde sagt at dei skulle gå ut i alle verda. Og då han var reist frå dei, gjorde dei det.

Det har ikkje alltid vore slik. For dette ordet gjeld også heidningmisjonen der Ordet om Jesus aldri har vore forkynt. Somme gonger har ein konsentrert seg om den lokale kyrkja utan så mange tankar om dei som er utanfor Guds rike. Det gjeld folk i vårt eige land så vel som dei som er langt borte.

b) Vidare står det: Dei forkynte alle stader. Me legg merke til at det var hovudsaka nå i starten på arbeidet. Seinare kom det diakonale arbeidet med, Apg. 6. Men var forkynninga det sentrale, og det vart det også i Luther sitt arbeid. Den gongen var det i høve til den katolske kyrkja sine mange ritual og helgendyrking. Guds ord måtte fram for folket, der kunne dei finna vegen til frelse og styrke og hjelp i gudslivet sitt. – Og dei forkynte alle stader. Det må vera i Jerusalem og Samaria, Judea og Galilea, jfr. Apg. 1, 8. I første omgang kom dei nok ikkje lenger.

c) Då gjorde dei ei erfaring: Herren var med dei. Det var også ein lovnad som han gav dei i misjonsbefalinga, Mat. 28, 20: Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står. Det står framleis fast. Ein Guds tenar kor i verda han går, får han erfara at han ikkje er åleine i arbeidet. For Guds folk har eit arbeid som menneske ikkje kan gjera. Me er berre reiskap i Guds hand – som ein liten blyant han skriv med. Det gjer at me får kraft midt i kraftløysa og motgang og motløyse. Ein annan lovnad var just det: De skal få kraft, står det. Apg. 1, 8.

Og han stadfeste Ordet. Det er fint. I byrjinga og somme gonger på misjonsmarka har dei erfart at teikna frå Gud kjem. Ja, me har og sett det i vårt eige land. I vekkingstider er dette klårt: Folk vert vakne, tek imot frelsa og vitnar om at dei er løyste og fri. Sjuke kan verta lækte og mykje anna. Det sentrale er ikkje kva teikn som skjer, men at folk blir frelste og berga for himmelen. Det må me aldri gløyma som Guds folk. Amen.