onsdag 2. januar 2013

171) Mat. 8, 14-17.



Mat. 8, 14-17. 18. s. Treenighet.
Peters svigermor.
Desse versa seier oss at Peter var gift. Elles veit me lite om dei andre i så måte. Truleg var ikkje Paulus gift. Han ynskjer at alle skal vera som han. Her får me ei forteljing om at Peter si vermor var sjuk og vart lækt. Det fortel og om Jesu kraft til å lækja. At han gjorde med slekta til ein av dei næraste, er ein styrkje. Det var ikkje tvil om at ho var sjuk – og at ho seinare var frisk. Ingen kunne seia imot det. Jesus hadde nett lækt ein spedalsk og tenaren til ein høvedsmann. Nå kom dei til Peters sitt hus – der skulle og henda noko,

1. Kva som hende. V. 15.

Då dei kom inn i huset hans, såg dei at vermora hans låg sjuk. Det kan tyda på at dei ikkje visste noko på førehand. Kanskje Peter hadde vore lenge borte og heller ikkje visste det. Nå såg dei det. Ho låg til sengs og hadde feber. Kva gjorde Jesus då? Han handla ulikt når han møtte folk. Det var ikkje eit fast ritual i hans verksemd slik.

Han rørte ved handa hennar. Varsamt. Utan store fakter. Han ville ikkje skræma nokon eller gjera henne noko som ikkje høvde.

2. Fleire sjuke kom. V. 16.

Eit rykte kan vera anten til det gode eller det motsette. Men ryktet har alltid verknad og makt over folk sine tankar. Difor er sladder så stor synd. Du veit aldri kor langt det når. Her derimot verka samtalane folk imellom til det gode. Fleire fekk møta Jesus. Og det var nok ikkje sladder dei dreiv med her, for sladder og baktaling er å setja ut vonde rykte om folk for å skada dei. Somme trur at dei sjølve vert større når dei set andre lågare enn mange andre. Men det er vel nærare sanning å seia at dei sjølve søkk djupare.

Mange kom altså til Jesus. Det er draumen for mang ein misjonær og predikant: Tenk om folk ville koma og høyra! Ofte vert det med draumen. Men nokre gonger lukkast det. Jesus vert den einaste utvegen for folk. Dei kjem til han og ber om nåde.

Her var det sjuke folk som kom. Det var truleg ulike lekamlege sjukdomar, men særleg nokre blir understreka av Matteus: Dei var «forgjorde av vonde ånder». Jesus hadde makt over dei og dreiv dei ut. Slike vonde ånder var ein realitet i Israel og kanskje i vårt folk òg. Om all slags vondt er det sant: Han har makt til å ta det på seg.

3. Oppfylling av profetiar, v. 17.

Matteus har så ei teologisk forklaring på det som hende. Han kjende Skriftene og visste kva Gud hadde sagt i gammal tid ved profetane. Noko av dette vart nå oppfylt. V. 17. Det dei opplevde var rett og slett ei stadfesting av Guds ord til profeten ved Jesu gjerning.

Han siterer nå den kjende profetien hjå Jesaja kap. 53. Og den handlar om langfredag og Jesus død på krossen. Det er ikkje noko mindre. Men Jesus var ennå ikkje komen fram til krossen. Matteus ser det i ettertid når han skriv evangeliet sitt.

Då ser han: Det Jesus gjorde på krossen, omfattar alt. Ikkje noko er sett utafor. Det var synda han døydde for, men også for alle konsekvensane av synda. Alt det vonde og stygge i verda var med. Og det er ikkje tvil om at sjukdom og naud av alle slag er ei fylgje av syndefallet.

Men det er ikkje slik at ein sjukdom er ei fylgje av visse synder hjå den som er sjuk. Det er heilskapen Matteus ser. Synda i Edens hage førte alt vondt med seg. Det er difor me kan sjå at til og med truande menneske vert sjuke. Det er frukta av syndefallet generelt. Og den har me alle del i.

Profetordet lyder: han tok på seg våre plager og bar våre sjukdomar. Jes. 53, 4. Plage og sjukdom er synonyme for frukta av fallet. Alt det bar Jesus på sin lekam og døyde for. Og slik me framleis kjenner synda i oss, opplever me også sjukdom kan koma. Men ingen treng gå fortapt på grunn av dette. Jesus betalte for alt.