torsdag 30. juni 2011

66) Mark 2, 18–28


Om faste.

Mark 2, 18–28

 Dei skjøna ikkje det som hende, for dei var sorgtunge. Då er det ikkje lett å forstå når noko vanskeleg hender. Nå var det spørsmålet om faste som først kom opp. Både døyparen sine læresveinar og farisearane fasta. Kvifor skulle ikkje dei tolv gjera det?

Jesus kallar seg nå brudgom, som i Mat. 25 og Openberringa. Det har vore ein del brudemystikk mellom kristne, og rett forstått er det sant. Jesus er brudgom og dei truande er brud. Me vil sjå litt på dette her.

1. Korleis Jesus er.
Nå er han brudgom, dvs. brura sin mann. Som brud har me tilgang til brudgommen, på ein måte som ingen annan har. Me kjenner hans planar og løyndomar betre enn folk utafor. Ja, brura og brudgommen er eitt. Slik er det med Guds born og Jesus.

I Høgsongen 4, 9 brukar kong Salomo dette biletet: ”Du har vunne mitt hjarta, mi syster, mi brur.” Der er nett dette biletet så storslått og inderleg. Men me er også kalla Jesu sysken, og med det vil han seia at me har eit nært tilhøve til han. Det er annleis med Guds folk enn med verda utafor. For å koma inn i dette forholdet er det naudsynleg både med eit personleg val og ein ny fødsel av Anden. Det er på same tid rein nåde og gåve, og eit ansvar for å seia ja takk til det. Gud tvingar ingen inn i sitt rike. Joh. 1, 12 og 3, 3. Josva sine ord i Josva 24, 14 er like naudsynlege i dag som før: Vel i dag kven de vil tena!

2. Kva påverknad Jesus har.
Kan brura sørgja når brudgommen er nær? Me treng ikkje lamper i dagslys. Dei ufrelste skulle sørgja og fasta, for dei har ikkje noka von. Dei er utafor alt og går ei mørk framtid i møte.

Jesus har derimot gjeve sine vener ei ny von. Me er ikkje under lova med krav om å oppfylla alle bod. Nådens Gud er med oss. Og då er alt nytt.

Høgs. 5, 1 seier: Eg er komen til hagen min, mi syster, mi brur. … Drikk dykk glade, mine vener. Og Paulus skriv i breva om glede: Glyd dykk alltid. Igjen vil eg seia: Gled dykk. Fil. 4, 4. Det er den verknad Jesus har på ein syndar når me kjem

Då er det ikkje lenger gamal vin og gamle flasker. Me høyrer ikkje til i den gamle pakt. Nå er alt blitt nytt. Ny vin i nye skinnsekker. 2. Kor. 5, 17.

3. Når han er borte.
Jesus skulle ikkje vera på jorda alltid. Det kom ein dag då han skulle dra til sin himmel. Han skulle døy og sidan kom himmelfarten. Han var ikkje lenger hjå dei. Då ville dei sørgja, det skjøna Jesus og førebudde dei på det.

For oss kan det og koma slike dagar. Det kan vera synd me gjer, ulydnad og anna vondt. Då er vegen alltid å venda om, gå med synd og skuld til Jesus og be om nåde og forlating. Han har lova å gi oss det. – Men det kan og vera sorg og motgang ved dødsfall og ulukker av ulikt slag. Eller du er gamal og kjenner deg einsam og bortgøymd. Er Gud også borte då? Me har Jesu lovnad: Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda stend.

Han er nok der bak skyene. Om sola ikkje skin på ein regnfull dag, er ho på himmelen likevel og skin på nokre andre.

4. Jesu gjerning.
Her brukar Jesus to bilete om si gjerning: han skaper noko nytt, noko dei ikkje hadde visst om før og kjende til. Det er bileta av klede og vin.

a) Ny og gamle klede.
Tanken er at dei gamle kleda er ubrukbare. Det er tid for nye klede. Dei gamle kleda er vår eiga rettferd, eller rettare sagt vår urettferd, ja, den gamle pakta. For det er berre det me har av natur. Og det er å likna me ureine klede, Jes. 64, 6. For alt vårt eige er smitta av synd. Ureinskapen er egoisme og store tankar om oss sjølve og mykje anna.

Jesus kjem då med nye klede. Det er evangeliet om nåde og Kristi rettferd som gåve. Alt får me ved syndsforlatinga. Det er ein port som opnar døra inn til Jesu soningsverk. Då er alt av nåde, Ef. 2, 8. Me har ingen ting lenger i oss sjølve. Og våre eigne gjerningar og liv kan ikkje gå saman med desse nye klede. Luk. 15, 22. Sak. 3.

b) Vin.
Dette er same sak ved eit nytt bilete. Den nye vin ville gjæra og sprenga sundt dei gamle sekkene. Evangeliet høver ikkje saman med lovar og regler og bod. Skal evangeliet få leva i eit menneske, treng det eit nytt hjarta. 1. Kor. 2, 14 og Joh. 14, 17. Det er ikkje nok med reformasjon og lovnader om å gjera så godt ein kan. Du må fødast på nytt, som Nikodemus. Joh. 3.

Det gamle hjarta tek ikkje imot Jesus. Det forstår ikkje den nye vin som må ta bort øydeleggja alt det gamle i oss.

Så skal me berre halda oss til evangeliet om Jesu død og soning. Det er det som gjeld i den nye pakta. Men det skal og halda i dommen.