lørdag 27. august 2011

85) Luk 22, 14-20

Nattverden.

Luk 22, 14-20

Det hende fleire ting Skjærtorsdag. Etter Palmesøndag då Jesus reid inn i Jerusalem, heldt han fleire talar. Det var særleg læresveinane han ville tala til då. Han tala om si atterkome og det som skulle skje då, Mat. 24-25 t.d. Torsdagen kom, og Judas skulle gjera si gjerning. Han gjorde avtale med jødiske leiarar og sveik sin Meister på ein grov måte. Og det var nett den dagen dei skulle slakta påskelammet. Alle jødar visste truleg at det var eit førebilete på Messias som skulle koma. Men dei skjøna ikkje at Jesus var Messias.

Timen var no komen. Jesu gjerning nærma seg slutten, v. 14. Han skulle no ei siste samling med sine læresveinar på den øvre salen. Og Jesus hadde lengta inderleg etter å møta dei her. Det viser litt av mennesket i Jesus. Han skulle lida mykje nå - det hadde óg ei menneskeleg side. Difor trong han styrke og kraft til å gå vegen til endes. Han hadde Guds kraft, men ordet viser oss at han gjerne ville møta sine nære vener i denne siste stunda.

Eit måltid mat
Dei sat til bords og skulle nå eta det jødiske påskemåltidet, v. 15. At dette samstundes skulle bli byrjinga på den kristne påske, tenke vel ingen av læresveinane på. Alt var så nytt for dei og.  Skal tru om dei forstod heilt kva han meinte då han sa: Eg skal lida, v. 15c.

Påskemåltidet var ikkje eit vanleg måltid mat for jødane. Det hadde sterk symbolverdi. Måltidet var minne om det siste måltidet Israels folk åt i Egypt før dei drog ut på den lange ferda gjennom øydemarka til Kana’an. Det skulle og vera eit styrkemåltid før dei tok ut på reisa.

No sat Jesus saman med dei, slik han hadde vore mange gonger før. To eller tro påskemåltid har han hatt med den før. Men det ligg noko anna og meir i det denne gongen. Det må dei ha skjøna litt av. Det byrja med ei erklæring av Jesus i v. 16: ”Eg kjem aldri til å eta det meir før det har vorte fullenda i Guds rike.” Eg trur dei stokk litt då. Slikt hadde han aldri sagt før.

Guds rike hadde dei høyrt om tidlegare i talane til Jesus. Så det var ikkje nytt. Men noko måtte fullendast først. Alt var ennå ikkje klart og ferdig. Og før det var gjort skulle han ikkje vera i lag med dei slik meir. Han tenkte vel på påskemåltidet her på jord.

Og fullendinga låg på fleire plan. Først måtte livet og gjerninga hans der gjerast. No var han ved slutten av det. Så måtte han lida og døy. Det var soninga av all synd ssom då måtte fullendast. Ingen kunne verta frelst før det var hendt. Etter døden måtte oppstoda koma. Først då viste han seg som den levande og mektige Guds Son som kunne frelsa verda. Men fullendinga har også noko meir i seg. Ved enden av tida skulle Guds born samlast inn i Guds himmel frå alle graver og alle land. Jesus skulle koma att og domen skulle falla over heile verda. Før det var hendt, var ikkje Guds rike kome i si makt og velde. No skulle han syna dei litt av innhaldet i Guds rike her på jord der dei framleis skulle leva og arbeida ei tid.

Ei ny pakt
Nattverden vart ikkje innstifta som eit symbol eller ein religiøs skikk. I den kristne kyrkja har det nok nokre gonger vorte det. Tanken har vore, utan at han vorte sagt tydeleg: Går du til altars, er du ein kristne. For der får du tilgjeving for alle synder. Det kan vera sant, men det kan også vera heilt feil og skapa hyklarar dersom det berre blir ein skikk. For ikr. 100 år sidan måtte folk gå til altar, og det vart registret i bøkene. Når nokon t. d. ville imigrera til eit anna land, som Amerika, fekk dei attest av presten der det stod at dei hadde vore til altar det året. Det var ingen god praksis.

Paulus talar i 1. Kor. Kap. 11 om nattverden. Etter at han har sagt korleis det skjedde, skriv han: ”Den som et brødet eller drikk Herrens kalk på uverdig vis, vert skuldig i Herrens lekam og blod (…) Den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til doms.” v. 27 og 29. ”Uverdig” kan tyda fleire ting i vår samanhang. Men her i Korint var det truleg skikken at kvar tok med seg mat når dei kom saman til måltid og deretter nattverd. Dei rike hadde mykje, og dei fattige lite. Det kunne utarta til store festmåltid der maten vart det vesentlege. Og då kom meininga med nattverden i bakgrunnen. - I utvida meining er uverdig også at ein kjem til nattverd utan å gjera opp si synd med Gud og menneske, eller at ein lever eit uskikkeleg liv der ein bryt Guds bod og ord. Då skal ein først gjera opp og be om forlating. Då er nattverden eit godt åndeleg måltid.

Brød og vin
I v. 17-20 ser me at Jesus tok kalken med vinen og brødet og takka og sa til dei: ”Tak dette og del det mellom dykk! (…) Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg (…) Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.”

Desse nattverdorda inneheld ein heil teologi. Først seier han at her er noko som me skal dela med andre. Det minner oss om at Jesu gjerning og frelse gjeld alle menneske i heile verda. Me som har fått alt dette av nåde, skal dela det med alle me når i vårt eige land og alle andre stader. Gå ut i all verda, sa Jesus i misjonsbodet.

Jesu lekam er konkret at han vart spikra på krossen og døydde. Det er ei historisk kjennsgjerning. Men så seier Jesus: han vart gjeven for dei - læresveinane og i siste omgang for alle menneske. Det er tanken om offerdyret han brukar her. Jesus vart offerlammet som skulle døy i staden for alle menneske og slik bli ein universal frelsar. Johannes skriv om dette slik: ”Han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men òg for alle i heile verda.” 1. Joh. 2, 2. Så får me tru at det også gjeld oss som lever i dag i eit heilt anna land. Han sona mine synder.

Dinest talar han om blodet. Vinen i nattverden er Jesu blod som skulle flyta for oss. Det er også tanken på Jesu død som kjem inn her. Blodet er uttrykk for død. Ved ofringa i templet vart m. a.  blodet stroke på altaret. Det viste at ein var død, og døden var synda si løn og konsekvens. No var ei soning skjedd for synda. Og Jesu død var for alle menneske. Og denne frelse kan reinsa oss frå alle synder og setja oss fri. Difor syng me kristne slik: ”Det er kraft i Jesu blod - å rense hvit som sne.”

Dette er ei ny pakt mellom Gud og menneske. Men det er ikkje ein tosidig avtale der me skal gjera noko og Gud tek resten. Den nye pakt til skilnad frå den gamle, er nett at ho er einsidig. Gud gjer alt. Difor er frelsa av nåde. Me kan berre ta imot og tru på Jesus og hans død for oss. Her kan me få kvila og tru at Gud tek imot oss når reisa er slutt og me er framme.
Er det slik med deg òg? Har du teke imot?
*