lørdag 9. juli 2011

75) Matt 8, 23–27

Storm.

Matt 8, 23–27

”Med Jesus i storm,” kallar J. Brantzæg si preik over denne hendinga. Og slik er det for ein kristen: Til alle tider kan me leva og vera med Jesus. Det er like viktig i gode dagar å vera med han som i vonde tider. Men me klynger oss særleg til han når det er storm og uvær i livet.

Storm
Det er brukt fleire sterke ord i denne teksten. Det kom ein kraftig storm, står det. I ei anna omsetjing på engelsk er det utvida slik: Straks kom ein voldsom storm. Mange tunge tider i menneskelivet kjem slik, uventa og utenkt og med stor styrke. Me har inntrykk av at alt vert rive ned for oss. Båten vart skjult av bølgene, og det var lett å tru at han snart ville gå under. Det stod om livet.

Det skjøna læresveinane. Dei sa til Meisteren: Me går under. Dei såg alvoret, og dei visste at på denne sjøen kunne stormen koma brått. Då hadde dei bruk for Jesus og vekte han. Jesus var trygg i alle tilhøve, og han ville at me og skulle vera det. Nå kom dei altså til Jesus med ei bøn – kunne det hjelpa? Dei skulle få oppleva at det var sant det presten Jon Johnson skriv i ei preik: ”Bønn er den største åndsmakt som finnes.”

Redde
Men dei var redde og ottefulle. Og det er ikkje så unaturleg at me er det, så usikker som denne verda er. Det ligg i natura vår. Me kan vera redde både naturkrefter og menneske som kjem i ubalanse eller er på jakt etter pengar og gods. Det er utruleg kva menneske kan gjera då.

Men mest av alt gjeld kanskje otten Gud og domen som ein dag skal møta alle menneskje. Me er syndarar for Gud anten me erkjenner det eller ikkje. Og me kan aldri bortforklara synda eller sletta henne ut på eiga hand. Sett frå den synsstaden har me altså grunn til å ottast. Dagen kjem då me alle skal gjera rekneskap for livet vårt.

Makt
Jesus såg korleis dei hadde kjempa med dette. Først set han dei rett og slett på plass. Det er ikkje for å klaga på dei eller tala nedsetjande om dei. Han viser dei til rette for å syna dei kva han kan gjera. Ville dei berre tru på han, skulle dei få sjå under. Dei trudde så lite. Dei såg mest på stormen og uværet og alt det dei ikkje skjøna.

Då reiste han seg. Det er mynde over han nå. For nå skal han ta i bruk litt av si guddomsmakt. Til vanleg gjorde han ikkje det. Han gjekk ikring mellom folk som eit anna vanleg menneske. Men nokre gonger bryt guddomen fram og han viser dei kven han eigentleg er.

Han truga vinden og bylgjene og sjøen. Han hadde altså makt over alle naturkrefter der og då. Dei kunne ikkje snu seg mot han og nekta lydnad. Når Jesus talar og arbeider, må alt anna tagna.

Undring
Dei undra seg. Akkurat dette hadde dei visst ikkje sett før. Seinare skulle dei få sjå noko liknande og kanskje endå større. Jesus gjekk på vatnet, kap. 14, 22ff. Av orda deira i v. 27 kan me sjå at dei ikkje heilt hadde skjøna kven Jesus var. Dei måtte gå i skule endå ei tid.

Kva er dette for ein, sa dei. Dei hadde sett at han hadde lækt fleire sjuke, og det skulle dei få fleire døme på. Men dette? Storm og sjø må og tia. Er det ikkje grenser for kva han kan? Slik kan mange spørja når dei opplever Guds under. Og svaret er i grunnen enkelt: Han har fått all makt i himmel og på jord. For han er Gud.

Å fylgja Jesus
I versa før teksten vår, er det fortalt om nokre som gjerne ville fylgja Jesus, men dei visste ikkje kva det innebar. Då måtte han visa dei kva det var å vera i hans fylgje. Då nyttar han Guds visdom.

Ein får høyra at ein Jesu etterfylgjar ikkje har noko jordisk eigedom, ikkje noko å halla hovudet sitt til ein gong. Var den skriftlærde budd på det? v. 20. Ein annan ville først gravleggja far sin. Det var jo eit naturleg ynskje.

Begge desse svara viser, som den engelske biskop John Charles Ryle skriv, at den som vil fylgja Jesus, må åtvarast mot kva det kostar. Er dei klar for å bera krossen? Veit dei at det er hardt å leva som ein kristen i ei vond verd?

Om dei ikkje kjenner prisen eller ikkje er viljuge å bera den, er dei ikkje førebudd på å byrja på himmelevegen! Det er uvanlege tankar i vår tid. Nå skal alt gå så glatt. Blir det problem, kan me berre hoppa over i ein annan båt. Slik er det lett å tenkja.

Trua
Ein av dei ting denne teksten vil visa oss, er korleis me skal koma berga gjennom denne fårefulle verda. Det er mange meiningar om det, også mellom kristne. Skal tru om ikkje det meste i kristenlivet skjer på same måten?

Korleis var det då du vart ein kristen? Felles for alle frelste er at me såg ein dag syndene våre – og seinare har me sett endå fleire. Vår naud var synda. Me måtte bli fri den. Og korleis hende det? Jo, me fekk høyra eller lesa ordet om Jesus som tilgav synda. Alle synder. Han reinsa oss reine som snø og gav oss ei ny og fullkomen rettferd. Dette trudde me, av di Guds ord sa det var slik.

Og kva med livet sine mange stormar? Har ikkje han sagt at han vil vera med der, i alle stormar og alle dagar. Skal me ikkje då få tru at han er det, sjølv om mykje i livet går imot oss. Frå Guds ord veit me at Jesus har all makt og kan styra heile verda. Me må ikkje kritisera måten han gjer det på. Trua på han inneber også at me aksepterer det han gjer og korleis han arbeidar. Då veit me at ferda lukkast. Amen.