lørdag 27. august 2011

86) Joh 15, 26 – 16, 4 a

Anden

Joh 15, 26 – 16, 4 a

 Det er kort før pinse i vår kyrkje no. Og denne høgtida konsentrerar seg om Anden - den tredje person i guddommen. Difor nyttar me ordet han om Anden og ikkje den. Anden har fleire namn i Bibelen, og dei klårgjer noko kva hans oppgåve er. Denne teksta viser òg kva konsekvens det får om em fylgjer Anden si røyst. Det viser denne teksta oss litt av. Me får også vita litt om årsaka til at det vert slik. Og det må vera slik i denne verda.

1. Gjeven av Gud.
Først må me sjå at Anden er ei gåve frå Gud. Han sende Anden til dei første kristne og til oss alle. I kap. 16, 7 seier Jesus: eg skal senda han til dykk. Og i v. 26 i kap. 14 seier han: Den heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn.

Og det hende pinsedag, Apg. 2. Læresveinane var samla i Jerusalem, og Gud sende Anden som ein eld i hjarta deira. Det var og ei oppfylling av orda i profeten Joel 3, 1f. Det var altså godt førebudt og læresveinane kjende til det. Det minner oss om at Guds er pålitande og at han held sin lovnad. Me kan alltid lita på Guds ord. Det er ein god tanke både i medgang og motgang. Alltid treng me Ordet på ferda mot himmelen.

2. Talsmannen.
Her har me det eine namnet på Anden. Det skal visa noko av hans gjerning eller oppgåve. Ordet på grunnteksta (paraklætos) tyder trøystar, men kan og tyda rådgjevar og advokat. Ordrett tyder ordet ein som er tilkalla (for å hjelpa, trøysta osv). Og dette er eit vakkert bilete på Anden. Anden hjelper oss i vår naud, minner oss om Guds lovnad og peikar på Jesus for oss, han som bar våre synder på krossen.

3. Sanningsanden.
Det er det andre namnet på Guds Ande i vår tekst. Og namnet svarer til hans karakter. Guds Ande er like sann som Gud sjølv og Sonen. For dei tri personane er eitt på same tid som dei er ein. Det er denne løyndomen som vitet og filosofien aldri har funne ut av og som er ein støyestein for vantrua. Som kristne får me lov å tru det Gud seier og har openberra i Ordet sitt. Ordet trieining er ikkje med i Skrifta, men dei tri personane er fleire gonger nemnde saman og viser at dei er ei eining. Mat. 28, 18-20 er døme på det. Det er i misjonsbefalinga og dåpsbefalinga.

Når Anden er sanning i sitt vesen, er han òg verkeleg og rett i all si gjerning. Han står som motsetnad til alt det vonde og falske i Andeverda. For i verda er det lygn og vantru mot Gud. Difor kan ikkje verda vera til noko hjelp for oss når me søkjer sanninga. Den finn me i Guds ord, og Anden opplyser oss om kva Ordet tyder.

Når Ander er slik, vil han også at me som Guds born skal vera som han. Å fylgja og leva etter Guds sanning er den sanne fridom, Joh. 8, 32. For då er me løyste frå verda og dei bann som synda set ikring oss. Me er frie til å leva med Gud og gjera hans vilje.

Byrjinga på denne vegen er ei sann omvending. Me som har prøvd det må vedgå at me makta ikkje å venda om på rett måte. Det må Anden gjera. Den eigentlege grunnen til ei rett omvending er Gud sjølv som får gjera det. Det ligg likevel noko til oss her som me ikkje skal gløyma.

Prof. Hallesby sa noko om dette slik: Du skal ikkje fuska i omvendinga! Med det meinte han at menneske vil gjerne gøyma unna noko synd og framstella seg sjølv betre enn me er. Her må me vera praktiske og konkrete. Det kan vera eit lån du ikkje har betalt attende, ein reiskap du lånte ein gong, som du ennå har. Du sette kanskje ut ei lygn om nokon som vart eit rykte mellom mange. Slike saker skal me gjera opp. Du kan ikkje leva i synd og samstundes vera ein kristen. Då har du ikkje ei sann omvending. Det kan kosta mykje, både pengar, ære og makt. Men det må til.

Også som ein kristen skal me leva eit sant liv i kvardagen. Sanningsanden ber oss om det og leier oss på den vegen. ”Når Jesus kommer inn i landet, det blir et ganske annet liv.” Eit liv i sanning vil m.a. seia at ein er varsam med orda våre, med pengar og tilhøve til andre menneske. Her skal me fylgja formaningane i Bibelen - utan at me tenker at dei skal frelsa oss. Det skjer berre av nåde ved tru.

4. Vitnemål.
De òg skal vitna, sa Jesus. Det kan skje ved ord på eit møte, i samtale i einerom og i livsførsla vår. Me er lys og salt her i livet. Det er eit vitnemål. Anden vil då at vitnemålet vårt også skal vera sant. Me skal ikkje overdriva korkje syndelivet eller opplevingar med Gud. Fåren ligg på begge desse stader. Er me sanne, vil velsigninga koma både over oss sjølve og over dei som møter oss.

5. Motgang.
Jesus ville seia til sine vener at ikkje alt her i livet vert lett. Du kan oppleva tunge dagar. Då skal me ikkje kritisera Gud - eller styggjast som ordet seier, kap. 16, 1. Me skal vita at me er i Guds hand, og han veit om alt det som skjer. Me kan aldri forklara det vonde i verda, men me kan bøya oss audmjukt og be om å koma vel gjennom det med trua i behald.

Motgangen kan verta konkret. I v. 2 seier han at det skal støytast ut nor gudshusa og til med bli slått i hel. Dei som gjer det, vil tru at dei gjer rett. Og det gir eit menneske ekstra kraft og frimot. Apostlane og dei første kristne opplevde just det. Paulus måtte til og med røma frå byar og bygder han var i, for motstanden vart så sterk. Han fortel om fleire slike tilfelle, 2. Kor. 11, 23ff. Han hadde fått slag, vore i fengsel og i dødsfare. Fleire gonger vart han hudstroken, steina og i farer av mange slag - til og med av falske brør (kristne). Men det tok ikkje motet frå han. Han gjekk i Guds kraft.

Og grunnen til at dei handsama han slik, var at dei ikkje kjende Gud, v. 3. Eit åndeleg kjennskap til Gud fører respekt med seg for andre truande. Men avdi det alltid vera falske kristne mellom, vil også slike forfylgingar koma. Me skal ikkje anklaga dei, men vera små og audmjuke og vitna om kva Gud har gjeve oss. Diverre er det slik nokre gonger at motgangen dreg fram det vonde i oss slik at me har hug til å slå att og setja folk på plass. Det vil aldri bera god frukt. Lat oss fylgja Jesu eksempel: Han svara ikkje då anklagen kom. Han overlet det til Gud som dømer rett. 1. Pet. 2, 23.
*