mandag 19. oktober 2009

3) Fil. 3, 9.

Fil. 3,9 Rettferdig for Gud.

Paulus trudde han var rettferdig for Gud då han var ein farisear. Feilen var at han bygde på feil grunn. Det er ikkje alle som seier dei er kristne, som er det. Me kan ikkje peika dei og døma noko på rett måte. Men i Guds augo er det skilnad. Og Paulus vart klår over det då han møtte Kristus. Han talar om to slags rettferd: mi eiga rettferd av lova, og og rettferda av Gud på grunn av trua. Alle som opplever den levande trua på Kristus, vil sjå litt av det same hjå seg sjølv.
Å vera rettferdig er å vera rett i alle måtar i Guds augo, å vera fullkomen. Ettersom dette er ei sers viktig "sak" for ein kristen, vil me tala litt meir om det. Eit ord i Bergpeika talar klårt om dette: "Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen" Mat. 5,48. Her er ikkje prutingsmon, her krev han alt.

Det er noko meir enn å streba etter å likna Gud, som S. Odland skriv. For det gjeld vår stilling hjå Gud, og ikkje kor moralske me kan vera på jord. Luther hadde ei stor naud: Korleis kan eg få ein nådig Gud? Tek me det spørsmålet for lett nå?
Lat oss samla nokre tankar om dette her:

1. Gud er fullkomen.

Bibelen viser oss Gud som heilag, rettferdig, god og allmektig på alle måtar. Me finn ingen mangler hjå Gud. Tviler du på Gud, om han fins og er slik, bør du søkja hjelp hjå dei som kjenner han, ikkje hjå dei som tvilar. Korleis kan dei hjelpa deg?

Heile Bibelen talar om denne eine Gud. Og han seier ved sin tenar Moses: "De skal vere heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er heilag" (3. Mos. 19,2). Peter siterer dette ordet og viser slik at det gjeld i dag. 1.Pet. 1,15.

I 5. Mos. 10,17 les me: "Herren dykkar Gud, er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud." Har me gløymt Gud nå? Folk lurer seg sjølv ved å tru dei kan gløyma han. Men Gud lever likevel! Me må ropa det ut. Han står framleis ved sin vilje, han er like reell som i GT.

2. Me er ikkje fullkomne.

Det er den store kontrasten. Men du ser det ikkje om du berre samanliknar deg med andre menneske. Heller ikkje om du lagar dine eigne krav og bestemmer sjølv kva som er rett og galt. Det er ofte feilen. Me kan alltid finna nokon som er verre enn oss sjølve. det er ikkje vanskeleg å finna feil hjå andre.

Nei, du må spegla deg i Gud sjølv! Du skal vera som han, så heilag og god som Gud i Bibelen er. Du skal elska dine fiendar og hata alt vondt, også i ditt eige liv.
Jesus har forklart korleis Gud er, Joh. 1,18. Difor må me leva som Jesus levde, ikkje noko mindre. 1.Joh. 2,6.

3. Klarar med det?

Spørsmålet blir: Greier me det? Sume prøver så godt dei kan. Dei er alvorlege og prøver etter beste evne. Då gjer dei akkurat slik Paulus gjorde: dei prøver loven sin veg.

Nokre meiner dei får det til og trur dei verkeleg har lukkast. Korleis kan det gå til? Det kan skje om dei slår av på krava, gjer vegen enklare og lettare slik at eit menneske kan klara det.

Men på den måten vert dei farisearar. Dei er nøgd med det dei får til. L. Hope fortel ei likning om dette: Ein skulle byggja ei bru over ei elv. Han hogg tømmer og skulle leggja dei over elva. Men dei var for korte. Dei rakk ikkje over. Kva gjorde han då? Han hogg rett og slett av målet, då fekk han det til å passa. Men brua vart for lita!

Kva har du gjort med det? Lagar du dine eigne lovar og bod - som er lette og greie å halda? I pengespørsmål, i sexliv, i abortsaka, i homofilisaka? Eller når du snakkar om folk, brukar tida på arbeidsplassen o.a.?

Den ærlege vil snart sjå det: dette maktar eg ikkje, eg kan gi opp, slutta med alt. Eg får det ikkje til. Min kristendom er ubrukbar.
Ja, det er vegen. Den som gir opp, er på rett veg.

4. Ein ny veg: Bli fullkomen i Kristus!

Denne rette vegen er å gi opp sitt eige strev. Ingen har noko anna von. Bibelen seier det slik: Den eg vil sjå til er den elendige, Jes. 66,2. Vår elendighet er vår synd, og den må bort.

Så skjer det utrulege, eit mirakel rett og slett. Syndaren blir fullkomen, han får alt han treng. Men det skjer ikkje ved å pynta på seg sjølv eller å forbetra seg. Ingen blir bra nok då.

Nei, me får alt me treng av Gud, av nåde ved tru. Guds eiga rettferd vert tilrekna oss som ei fri gåve. Difor kan profeten seia: Kom og kjøp utan pengar og utan betaling. Jes. 55,1.Og det kan skje avdi Kristus har betalt nettopp for vår rettferd.

Den som omvender seg og trur, får dette av nåde. Dette er det Paulus skriv om: "Den eg får ved trua på Kristus, rettferda av Gud på grunn av trua," Fil. 3,9. Då er eg funnen i han. Då reknar eg ikkje lenger med lova og kva eg kan oppfylla. Då er eg gjort fri frå mine "plikter" til å leva fullkoment.

Det er dette han meiner i v. 8 når han seier at kunnskapen om Kristus Jesus har så mykje større verd enn hans eige liv. Han tenkjer ikkje på ein død teoretisk kunnskap. Nei, her er det tale om ein opplevd kunnskap, noko ein lærer å kjenna ved å erfara det. Ordet for å kjenna tyder det.

Nå er spørsmålet: Er du ein slik personleg kristen, som kjenner Jesus ved denne erfaringa? Har Gud ved sin Ande fått synt deg at alt ditt eige må du forkasta, det kan ikkje brukast? Og så lært Jesus å kjenna på denne måten: Han er di eine og einaste rettferd? Utan den er du fortapt.
Men ennå er det tid. Me kan koma i dag.

2) Fil. 2, 9-11.

Fil. 2, 9-11.

I dette avsnittet fylgjer me Jesus på ein ny veg. Nå er han ikkje lenger slave eller i ein nedra skapnad. Nå ser me han i ein ny guddomeleg glans. Me møter fleire sider ved Jesus i herlegdomen her.

I ein opphøgd skapnad.

Etter den djupe fornedringa møter me Jesus her i ein ny skapnad. Han kjem mot oss i ein opphøgd “skikkelse” eller stilling. Her går han fleire trinn oppover, slik han gjorde nedover. Gud opphøya han, høgt over alle andre. Han fekk eit namn over alle andre. Denne opphøyinga var eigentleg berre ein konsekvens av fornedringa, ei naturleg fylgje av at gjeringen var gjort. Han trong ikkje lenger vera fornedra, han kunne innta sin gamle stilling i himmelriket.
Kva er desse trinna oppover? Me vil fylgja han steg for steg.

1. Oppstoda påskemorgon.

Denne dagen syng me frimodig og med rette: Påskemorgen slukker sorgen - til evig tid. Denne dagen er viktig for oss, oppstoda er Guds kvittering for frelsa. Alt var godkjent av Gud, og Han kunngjorde det for alle ved å reisa Jesus opp or grava.

Paulus skriv til korintarane at oppstoda var etter skriftene. 1.Kor. 15,4. Det kom altså ikkje uventa på jødane om dei hadde lese Skriftene og sett at Jesus frå Nasaret var Messias. Men diverre var det mange som ikkje skjøna profetane både då og nå.

Så viktig var det, skriv han i v. 14, at trua vår var tom og ingen ting dersom Jesus hadde vore i grava. Ja, den var gagnlaus og me var alle fortapt.

I v. 20 er det om han jublar og seier: Men nå er Kristus oppstaden! Og Hebr. 1,4 viser oss at Jesus har vorte så mykje større enn englane.

2. Himmelfarten

Dette er dagen då Jesus reiste heim att, og tok over sin rette plass i himmelriket. Hebr. 2,9 seier at han er krona med herlegdom og ære. For då fekk han alt attende og gjer nå bruk av si makt og kan vise sin herlegdom fullt og heilt.

Kva tyder så denne dagen for oss? Me veit at jul tyder Jesu kome som menneske, påske er tida då han leid og døydde for oss. Pinse tyder at Anden kom til jord som vår talsmann då Jesus forlet jorda.

Men Kristi himmelfartsdag? Kva er det?
Det var dagen då han overlet ansvaret og tenesta på jord til sine vener. Då gav han misjonsbodet. I den fasen i livet sitt viser han at nå må dei ta over. Hans tid er slutt. De skal vera mine vitne, sa han. Apg. 1,8.

3. Noko meir i himlen

Jesus fekk noko meir då han kom til himlen enn han hadde hatt før. Det kan synast underleg, men er likevel slik. Nokre bibelord syner det.

I Joh. 17,6 seier Jesus i bøna si: Eg har openberra namnet ditt for dei menneska du gav meg av verda. Dei frelste er altså ei gåve til Jesus. I Joh. 6,37 finn me det same: Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg. Det er stort å sjå kor verdfulle menneska er for Gud. Kor stor pris Jesus set på oss i himmelen, ser me også i eit anna bibelvers.

I Hebr. 12,2 kan me lesa: "For å oppnå den gleda som venta han, leid han krossen med tolmod, utan å akta vanæra." Og kva slags glede var det? Han kjende himmelriket sin herlegdom, han visste om engleskarane. Men noko er nytt etter Langfredag og oppstoda: frelste menneske av alle folkeslag. Dei gledde han seg til å møta og vera saman med i all æve.

I Jes. 53,12 står det også noko me trur gjeld dette: Difor vil eg gje han dei mange til del og sterke skal han få… Gud sjølv seier dette om Son sin. Han skal få dei mange - og nokre sterke. Profeten såg altså at mange skulle bli frelst, til og med nokre stormenn.
Og NT er klår her som elles: Johannes såg ein så stor skare av frelste at dei ikkje kunne teljast. Åp. 7,9. "Som tusen bjerge full av sne." Kvar kristen skal vera med der - og gleda Frelsaren.
Prøv å sjå litt inn i dette: Du er til glede for Jesus. Han elskar deg så høgt at han døydde for deg, han kalla deg til seg og frelste trass i alle synder du hadde gjort. Ogf så ser han fram til å sjå deg att i himlen. Det er litt av opphøyinga hans.

4. Jesu atterkome og domen

Heile Bibelen lærer om Jesu atterkome og dom. Ei side ved det er at Jesus då vart opphøgd endå meir. Då skal han få ære på ein annan måte enn i himlen. Gud har då "storleg opphøgt han", v. 9. Han får eit namn over alle andre: Frelsarnamnet og Herre-namnet. Han er ikkje lenger barnet, men kongen. Her er nemnt to ting som skal skje då.

a) Alle kne skal bøya seg i Jesu namn og visa han ære. Her gjeld det ikkje (berre) dei frelste. Heile himmelhæren skal åæra Jesus, dei døde saman med dei levande. Dei som trudde og dei som forakte han. Alle er med. Det blir eit universelt bønnemøte der alle til slutt må sjå og erkjenna: Jesus er Gud.

b) Dinest skal alle bekjenna at Jesus er den han sa han var. Det er sant det han sa og gjorde. Mange vil oppleva at det då er for seint. Dei skal ikkje berre sjå og erkjenna det. Dei må seia det, vedgå det for seg sjølv og for andre og ikkje minst for Gud. Kvar tunge skal sanna at Jesus var Gud og æra han. Det blir noko til vitnemøte.

Kva tid det blir og kva rekkefølge alt skal skje i, veit me lite om. Ikkje alle ser det likt her. Men at det skjer er sant. Men det tyder ikkje at alle blir frelste til slutt. Det blir tvert ein stor skillsmisse her. Då blir det klårt for alle kven som trudde og kven som ikkje ville. Truleg blir mange overraska då. Også dei fortapte må erkjenna: det var sant. Jesus er den einaste frelsar.

Misjonær P. A. Bredvei skreiv ei bok med tittelen: Smerten i Jesu gjenkomst, i 1954. Og smerten var: Mange millionar har ikkje høyrt. Kva gjer me med det? Kan eg vera med å visa ei sjel til Jesus før dette bønnemøte då alt er forsient? Og mest av alt: Er eg rede nå, i dag?

Vi må ferdige stå, brudedrakten ha på,
og med olje i lampe og kar.
Snart så lyder det bud: du skal møte din Gud.
Du skal se ham som sonoffer var!
¤¤¤¤¤

1) Fil 1, 29.


Fil. 1,29. Dykk vart det unnt.

Slik var den gamle omsetjinga av dette verset. Nå heiter det m.a. i NB88: De har fått den nåden. KJN omset det slik: Det er gitt dere, på grunn av Kristus. Etter grunnteksta er det ei god omsetjing.

Me er blitt unnt noko av Gud. Her talar me om dei truande. Og det har me fått for Kristi skuld. Det me er og har er på grunn av hans frelsesverk på krossen. Det er aldri på grunn av vår eiga forteneste - for me har ingen. Me går tomhende gjennom heile livet. Alt me har er lånt gods. Gåver frå Gud.

Her nemner han to slike nådegåver. Paulus talar nok av erfaring her som så mange stader. Dette har han sjølv opplevd. han kan vitna med sanning.

1. Å tru på Kristus.

Det første han nemner er trua. Det er det fundamentale i kristendommen. Her tek frelsa til for ein syndar. Me kan aldri gjera noko til frelse, betala avdrag så å seia. Alt får me som gåve, me blir unnt det.

Slik var det med fangevaktaren her i Filippi. Paulus var fange, men Gud greip inn og gjorde eit naturunder. Vaktmannen vart redd og ville ta livet sitt. Då sa Paulus: Gjer ikkje det, men tru på Kristus. Apg. 16,31. Då skal du bli frelst, sa Paulus. Ingen ting anna. mannen skulle ganske enkelt få ta imot ei ferdig frelse. Bibelen er full av ord om trua, og alle frelste trudde på Kristus.

Her får me så høyra at trua er nåde, ei gåve, det vert unnt oss å tru. Fangevaktaren kjende det nok slik - han som ville ta sitt eige liv av otte for romarstaten. Så kom Gud med si gåve. Han fekk lov å tru på Jesus og slik bli berga.

Men me kan ikkje kreva noko. Me kan berre be, spørja - og koma slik me er. Sume vil seia: Eg får det ikkje til, eg har ikkje frelsesvisse. Eg veit ikkje om eg er ein rett truande.
Då kan me minna kvarandre om eit par ting her.

a) Kva er eigentleg frelsa? Og kvifor treng me frelse? Dei spørsmåla kan gjera noko klårt for oss. Då veit me at berre ein ting skil oss frå Gud, synda. Profeten seier det klårt: Dykkar synd har gjort skilsmål mellom dykk og dykkar Gud. Jes. 59,2. Berre det må ordnast. Når synda er borte og tilgjeven, er skilje mellom deg og din Gud borte. Då skal det ikkje meir til.
Det er altså ikkje tale om kjensler og stemning i oss. Det gjeld Guds tilgjeving til frelse.

Etter pinsedag står Peter fram og talar i Jerusalem og seier til jødane: Vend om så syndene dykkar kan bli utsletta. Apg. 3,19. Og då David hadde synda så grovt, sa han: Eg sanna mi synd for deg, Salme 32. Me skal vera ærlege og leggja alt fram for Gud. Svik i anden er å skjula noko eller bortforklara og leggja skulda på andre. David sa: Det er mi skuld. Då står det: Og Gud tok bort mi syndeskuld. Gud tilgav - og gløyme og gøymde synda.

Der synda er tilgjeven, er me frelste. Det er ikkje spørsmål etter kva me kjenner i oss eller "opplever" i sjelslivet. Det er godt å oppleva noko, men det varer sjeldan lenge. Då treng me noko fastare å halda tak i. Og det er grunnlaget for tilgjeving og frelse. Han kan tilgje avdi Guds eigen son har betalt for alt. Og det står fast i alle æve.

b) Eit anna spørsmål er: Kva er trua? Du prøver kanskje å få det til å tru, men lukkast ikkje. ­Då er det lett å gi opp, eller å gå gjennom livet som ein usikker kristen med lite glede i Gud.

Ordet i Rom. 10,17 har vore til hjelp for mange.Der skriv den same Paulus: Så kjem då trua av forkynninga - - og forkynninga kjem ved Kristi ord. KJN skriv dette slik: Så kommer da troen av det en hører, og det en hører kommer ved Guds ord.

Det å høyra er altså viktig. Og det er svært viktig kva ein høyrer. For det me lyttar til, skaper tru - eller tillit til det som vert sagt. Då vil me tenkja: det er sant det han seier.

Ordet om frelse står berre ein stad: i Guds ord. Der finn du vegen. Difor er det naudsynleg å høyra ordet forkynt - då blir trua fødd i hjarta. Difor seier profeten: Høyr, og du skal leva. Jes. 55.

Då vert det unaudsynleg å grava i sitt eige liv etter frelse. For då har du høyrt kva frelse er og kor du finn henne: I Guds ord - der høyrer du om Kristi frelsesverk. Og det held. Det er sikkert gjennom all tvil og alle vanskar.

Difor skulle me høyra mykje. Men viktig er det å høyra ei rett forkynning. Me skal ikkje fara hit og dit og få med oss alt som vert tilbudd på torget i vår tid. Det er den sikre veg til tvil eller iv erste fall ein falsk kristendom.

Dykk er det unnt - å tru.
Kristendom er nåde og gave.

2. Å lida for Kristus.

Paulus hadde kjent på kroppen kva liding var. Han visste det ikkje var romantikk og lette dagar. Han skriv sterkt om kva han sjølv har vore gjennom til dei kristne i Korint: "Eg har fått fleire slag. Eg har vore fleire gonger i fengsel. Eg har ofte vore i dødsfare. Jødane har fem gonger gjeve meg fortsi slag på eitt nær. Tre gonger har eg vorte hudfletta, ein gong steina, tre gonger har eg lide skipbrot, og eit døger har eg vore i djupet. Ofte har eg vore på reiser - i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare i by, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og torste, ofte i faste, i kulde utan klede." 2. Kor. 11,23b-27.

Han visste kva liding var. Likevel seier han: det er nåde.
Motgang var eit teikn på ei rett tru. Det høyrde med - avdi me lever i ei vond verd som hatar Gud og hans folk. Til Timoteus skriv han: "Alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus, skal verta forfylgde" 2. Tim. 3,12.

Det er eit sterkt ord til oss som har det så lett og godt. Det har dømt meg ofte. Har me det for godt i landet vårt? Me opplever så lite motstand. Er me ikkje tydelege nok i trua?

Dei første kristne var glade når dei måtte lida. Dei kjende gleda i seg over å få likna Jesus på den måten også. Apg. 5,41. Smerten i kristenlivet høyrer med. Det skal me hugsa når me kjenner litt spott og høyrer hånord for at me trur på Guds ord og seier me er frelste.

Me opplever det for Jesu skuld.
Om Moses står det: Han akta Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. Hebr. 11. Han såg fram til løna. Det var løysinag for han og, slik som for martyrane. Mange gjekk med smil om munn mot løvene i Rom, sjølv om dei kunne skjelva og ynskja å få leva litt lenger. Som Paulus visste dei at det beste var igjen, dei kunne gleda seg over at reisa var over. Dei stod snart ved målet. Fil.1, 23.

Det er nåde å lida for Jesus.
Dykk vart det unnt, ikkje berre å tru på Kristus, men og å lida for han. Slik skriv Paulus. Det er Guds ord.