Oppstoda.
Joh. 21, 1-14.
Jesu grav er tom, og læresveinane var i villreide. Kor er
han? Kvar er det blitt av Meisteren? Somme av dei hadde nok gløymt det han
hadde sagt: Han skulle døy, men også stå opp att. Han skulle ikkje forlata dei. Det var lovnaden
hans. Men i tunge stunder vert slike forsikringar ofte borte for oss. Det er
øyeblikket som tel.
Nå skulle
han retta på det. Difor viste han seg fleire gonger for sine næraste, både
kvinner og menn. Det er ein fin og lærerik del av evangelieforteljingane. Men
me skal ikkje gå for langt i å gjera alle detaljar åndelege. Sjølve hendinga er
lærerik. Også me er læresveinar om me lever i eit anna land og til andre tider.
Trua på Jesus som frelsar er den same heile tida. Lats oss sjå på noko av det
som hende.
1. Dei var menneske.
Då Jesus
var borte, viste dei seg som vanlege menneske. Dei måtte skaffa seg mat og
byrja på det gamle yrket sitt. Peter var fiskar og ville gå attende til det
yrket. Dei kunne ikkje gå ikring som tiggarar, og ingen gav dei noko når
leiaren og Meisteren var borte.
Læresveinane
var ikkje av rikfolk, og lite sølv og gull var det mellom hendene deira. Dei
var fiskarar og tollmenn og vanlege arbeidsfolk. Desse kalla Guds Son til seg,
og dei skulle føra Guds rike si sak vidare. Gud tenkjer ikkje slik me gjer. I
denne verda ser folk etter dei flinke og store. Dei må vel vera best skikka
også i ei ny og teknologisk verd.
Paulus sa
noko om det. Sjå på kallet dykkar, brør, sa han: «Ikkje mange vise etter kjøtet
vart kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta,» 1. Kor. 1, 26. Og det
gjeld ein heilt annan flokk en dei tolv læresveinane. Og ser me oss om og les i
soga, er det slik mange stader. Det finst nokre store i Guds rike. Paulus sa:
Ikkje mange. Men det var nokre. Paulus var i alle høve ein av dei lærde. Han
hadde høg utdaning i si tid. Men dei har alltid vore få.
Og
apostelen held fram: «Men det dåraktige i verda, det valde Guds seg ut … Og det
som var veikt i verda … det som var lågt i verda, det som er vanvørdt, det
valde Gud seg ut, det som ingen ting er, for å gjera til inkje det som er
noko,» v-27-28. Så annleis handlar Gud enn me. Han ser etter andre ting enn det
ytre. Og det fann han noko av i desse arbeidsmennene.
Biskop
Ryle i England seier at denne fattigdomen provar langt på veg at kristendomen
er guddommeleg. Dei var vane med å arbeida hardt for å skaffa dagleg brød. Dei
kom frå det ukjende og hadde lite verdsleg visdom og makt. Likevel var dei
menneskelege reiskap til å skapa den kristne kyrkja på jorda. Hadde det hendt i
vår tid, ville mange sagt at det måtte ein professor til, ein biskop eller ein
åndeleg leiar og folkeførar til for å gjera det. Bjørnstjerne Bjørnson var ein
slik folketalar som samla store skarar kring talarstolen sin. Men han kunne
ikkje skapa ei kyrkje. I djupaste meining er det Gud som skaper kyrkja, men han
brukar menneske som reiskap.
2. Dei var ulike.
Når me
fylgjer læresveinane desse tre åra dei var i lag med Jesus, ser me litt av
korleis dei var. I etterkant ser me meir av det. Og ingen av dei var kopiar av
ein annan. Dei var ulike. Det viser at Gud vil og kan bruka mange slags
menneske berre dei bøyer seg for han. Der ligg ofte ‘bøygen’ som hindrar
gudslivet (for å bruka uttrykk frå Peer Gynt).
Peter var
ordførar og litt framfusen i si ferd. Han tenkte ikkje heilt på konsekvensane
av sine ord. Men han var talar pinsedag, og han fekk skriva to brev i Det nye
testamentet og fekk vera med i tenesta for Gud. Han vart også eit blodvitne for
Jesus og døydde etter alt og døma som martyr i Roma. Johannes var stillfarande
og venleg og kjærleg. Me har fem «bøker» av han i Bibelen. Og me veit at han
fekk vera ein reiskap og levande vitne om Jesus i t.d. Efesus. Han vart
landsforvist til Patmos, men slapp martyrdøden.
I vår
tekst her er han og framme og går mot Jesus. Han var den første som ville møta
Jesus. Men Johannes hadde sett og kjent han att først. Dei var ulike i sinn,
men begge var læresveinar. Slik er det med oss og. På mange måtar kan me vera
ulike, men alle kan få koma til Frelsaren.
Ulikskapen
ser me også hjå to kvinner. Marta og Maria budde i same hus der Jesus kom på
vitjing. Men dei var ikkje like i tanke og framferd. Marta var arbeidssam og
trottug i det praktiske. Maria sette seg ved Jesu føter og åt orda hans. Dei trong
og vart velsigna av dei. Men begge var Jesu vener. Luk. 10, 38ff.
3. Jesu oppstode er eit prov.
Denne
hendinga er og eit vitnemål om at Jesus hadde stått opp or grava. Han ikkje
berre tale med sine, han hadde og mat til dei. Dei hadde fått ein stor fangst. Dei
talde kor mange fiskar det var – heile 153 fiskar. Nå stod Jesus på stranda og
hadde laga til eit bål til å steika fisken på. Det var eit tydeleg prov på at
han var eit levande menneske og ikkje ei slags luftspegling.
Det var
tredje gong han viste seg for dei. Den første gongen var om kvelden same dag
han stod opp, Joh. 20, 19. Då sat dei bak lukka dører av otte for jødane. Då
kom Jesus med fred. Åtte dagar seinare møtte han dei att, også då bak lukka
dører. Då var dei og inne og Tomas var med dei. Han hadde ikkje vore der
påskedagen. Og nå fekk han møta Jesus og fekk prov på at det var han: Legg
handa di i sida mi, sa Jesus. Det er eg!
Det er
fint at det er fleire slike prov på oppstoda i Bibelen. For det er ikkje lett å
tru på så store under. Mange har tvila på det. Og oppstoda er viktig for oss.
Den er det store provet på at Jesus verkeleg var Messias og at Gud står bak alt
han gjorde. Ryle kallar oppstoda for «toppsteinen» i frelsesverket. Han
fullførte det han skulle gjera. Han gjorde det me skulle ha gjort og har sigra
over død og helvete og grava. Jesus er det store sigerherren.
Difor er
oppstoda så viktig for frelsa vår. Den synte oss at Jesus er Gud som har makt
over alt og alle. Og ein dag skal han visa det slik at alle ser det – når han
kjem att og alle skal opp or gravene.