Mat. 5, 38-48.
Rettferdighet og kjærlighet.
Rettferdig for Gud.
Paulus
trudde han var rettferdig for Gud då han var ein farisear, Fil. 3. Feilen var
at han bygde på feil grunn. Det
er ikkje alle som seier dei er kristne, som er det. Me kan ikkje peika dei og
døma noko på rett måte. Men i Guds augo er det skilnad. Og Paulus vart klår
over det då han møtte Kristus. Han talar om to slags rettferd: mi eiga rettferd
av lova, og og rettferda av Gud på grunn av trua. Alle som opplever den levande
trua på Kristus, vil sjå litt av det same hjå seg sjølv.
Å vera rettferdig er å vera rett i alle måtar i Guds
augo, å vera fullkomen. Ettersom dette er ei sers viktig "sak" for
ein kristen, vil me tala litt meir om det. Eit ord i Bergpeika talar klårt om
dette: "Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen"
Mat. 5,48. Her er ikkje prutingsmon, her krev han alt.
Det er noko meir enn å streba etter å likna Gud, som
S. Odland skriv. For det gjeld vår stilling hjå Gud, og ikkje kor moralske me
kan vera på jord. Luther hadde ei stor naud: Korleis kan eg få ein nådig Gud?
Tek me det spørsmålet for lett nå?
Lat oss samla nokre tankar om dette her:
1. Gud er fullkomen.
Bibelen viser oss Gud som heilag, rettferdig, god og
allmektig på alle måtar. Me finn ingen mangler hjå Gud. Tviler du på Gud, om
han fins og er slik, bør du søkja hjelp hjå dei som kjenner han, ikkje hjå dei
som tvilar. Korleis kan dei hjelpa deg?
Heile Bibelen talar om denne eine Gud. Og han seier
ved sin tenar Moses: "De skal vere heilage, for eg, Herren dykkar Gud, er
heilag" (3. Mos. 19,2). Peter siterer dette ordet og viser slik at det
gjeld i dag. 1.Pet. 1,15.
I 5. Mos. 10,17 les me: "Herren dykkar Gud, er
Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege
Gud." Har me gløymt Gud nå? Folk lurer seg sjølv ved å tru dei kan gløyma
han. Men Gud lever likevel! Me må ropa det ut. Han står framleis ved sin vilje,
han er like reell som i GT.
Når han er fullkomen, kan og vil han elska
fullkoment. Han er glad i sine fiendar, og Jesus bad for dei som spotta og
forfylgde han. Det mangla ingen ting på dette.
2. Me er ikkje fullkomne.
Det er den store kontrasten. Men du ser det ikkje om
du berre samanliknar deg med andre menneske. Heller ikkje om du lagar dine
eigne krav og bestemmer sjølv kva som er rett og galt. Det er ofte
feilen. Me kan alltid finna nokon som er verre enn oss sjølve. Det er ikkje
vanskeleg å finna feil hjå andre.
Nei, du må spegla deg i Gud sjølv! Du skal
vera som han, så heilag og god som Gud i Bibelen er. Du skal elska dine fiendar
og hata alt vondt, også i ditt eige liv.
Jesus har forklart korleis Gud er, Joh. 1,18. Difor
må me leva som Jesus levde, ikkje noko mindre. 1.Joh. 2,6.
Brukar me kjærleiken som ein spegel her (jfr. V. 44),
vil me sjå det klårt: Me elskar ikkje av hjarta dei som vil oss vondt. Vår
gamle natur vil gjerne slå att når me møter motstand. Det er lettare å finna
feil hjå andre enn hjå oss sjølve.
3. Klarar med det?
Spørsmålet blir: Greier me det? Sume prøver så godt
dei kan. Dei er alvorlege og prøver etter beste evne. Då gjer dei akkurat slik
Paulus gjorde: dei prøver loven sin veg.
Nokre meiner dei får det til og trur dei verkeleg har
lukkast. Korleis kan det gå til? Det kan skje om dei slår av på krava, gjer
vegen enklare og lettare slik at eit menneske kan klara det.
Men på den måten vert dei farisearar. Dei er nøgd med
det dei får til. L. Hope fortel ei likning om dette: Ein skulle byggja ei bru
over ei elv. Han hogg tømmer og skulle leggja dei over elva. Men dei var for
korte. Dei rakk ikkje over. Kva gjorde han då? Han hogg rett og slett av målet,
då fekk han det til å passa. Men brua vart for lita!
Kva har du gjort med det? Lagar du dine eigne lovar
og bod - som er lette og greie å halda? I pengespørsmål, i sexliv, i abortsaka,
i homofilisaka? Eller når du snakkar om folk, brukar tida på
arbeidsplassen o.a.?
Den ærlege vil snart sjå det: dette maktar eg ikkje,
eg kan gi opp, slutta med alt. Eg får det ikkje til. Min kristendom er
ubrukbar.
Ja, det er vegen. Den som gir opp, er på rett veg.
4. Ein ny veg: Bli fullkomen i Kristus!
Denne rette vegen er å gi opp sitt eige strev. Ingen
har noko anna von. Bibelen seier det slik: Den eg vil sjå til er den elendige,
Jes. 66,2. Vår elendighet er vår synd, og den må bort.
Så skjer det utrulege, eit mirakel rett og slett.
Syndaren blir fullkomen, han får alt han treng. Men det skjer ikkje ved å pynta
på seg sjølv eller å forbetra seg. Ingen blir bra nok då.
Nei, me får alt me treng av Gud, av nåde ved
tru. Guds eiga rettferd vert tilrekna oss som ei fri gåve. Difor kan profeten
seia: Kom og kjøp utan pengar og utan betaling. Jes. 55,1.Og det kan skje avdi
Kristus har betalt nettopp for vår rettferd.
Den som omvender seg og trur, får dette av nåde.
Dette er det Paulus skriv om: "Den eg får ved trua på Kristus, rettferda
av Gud på grunn av trua," Fil. 3,9. Då er eg funnen i han. Då reknar eg
ikkje lenger med lova og kva eg kan oppfylla. Då er eg gjort fri frå mine
"plikter" til å leva fullkoment.
Det er dette han meiner i v. 8 når han seier at
kunnskapen om Kristus Jesus har så mykje større verd enn hans eige liv. Han
tenkjer ikkje på ein død teoretisk kunnskap. Nei, her er det tale om ein
opplevd kunnskap, noko ein lærer å kjenna ved å erfara det. Ordet for å kjenna
tyder det.
Nå er spørsmålet: Er du ein slik personleg kristen,
som kjenner Jesus ved denne erfaringa? Har Gud ved sin Ande fått synt deg at
alt ditt eige må du forkasta, det kan ikkje brukast? Og så lært Jesus å kjenna
på denne måten: Han er di eine og einaste rettferd? Utan
den er du fortapt.
Men ennå er det tid. Me kan koma i dag.