Mat. 19, 27-30.
14. treenhet.
Vingårdssøndag.
Denne
teksta handlar om løn i Guds rike. Etter at Jesus har velsigna småborna og tale
til dei og folket om himmelriket, møter han ein rik, ung mann. Mannen meiner han har halde alle boda og undrast på
kva meir han treng. Men han var bunden av denne verda og ville ikkje sleppa
sitt eige gods. Han var bunden til rikdomen sin, og det stengde han ute frå
himmelriket. Det vart inga løn for han. Jesus er streng og seier: For menneske
er det umogleg å bli frelst. Berre Gud kan gjera det. Då stig Peter fram.
1. Spørsmålet, v. 27.
Kva skal vi få, seier Peter. Det er ein naturleg og
menneskeleg tanke. Alle vil ha noko att for det dei gjer. Men løna blir heilt
ulik det folk flest seier og trur. Guds rike er ikkje som andre rike på jord.
Men Bibelen talar verkeleg om løn. Det må me sjå litt på i dag.
Me har forlate alt, seier Peter. Kva då? Dei hadde
forlate alt det jordiske dei hadde. Då tenkte Peter: Me må vel få noko att, ei
slags løn for dette offeret. Det har nok mange tenkt i ettertid og. Me kan vel
ikkje nekta oss så mykje utan kompensasjon.
2. Evigheten, v. 28.
Jesu svar er å peika på æva. Det kjem ein dag då alt
blir nytt, ja, verda skal fødast på nytt. Han minner om at han sjølv skal koma
att ein gong. Då kjem han ikkje som eit fattig barn i ei krybbe. Då kjem han i
herlegdom. Heile himmelens storleik og ære skal så å seia fylgja han.
Løna er ei trone til kvar av dei, og dei skal døma
Israels-ættene, seier han. Me veit lite om kva det i praksis tyder, men det må
vera noko større enn det jordiske liv som me kjenner i dag.
3. Løn, v. 29.
Jesus gjev ikkje noko konkret svar på kva løna skal
vera. Men han seier at den skal vera stor. Det vert også noko større enn me har
opplevd her i livet. Me kan heller ikkje tenkja oss kva det blir. Vår tanke er
så bunden av det timelege og jordiske livet, at himmelske tankar ikkje får rom
der. Jesus visste kva det var, og seier litt.
Kvifor skal me få løn? Jo, det har nett med sjølve
offertanken å gjera. Dei som ofrar noko av det jordiske, skal få det att i æva,
men på ein annan måte. Han reknar opp nokre døme: Å forlate huset, bor og
syster eller far og mor eller born eller åkrar!
Men det er ikkje som sjømannen som reiser over hav og
land og er borte frå alle sine – for å tena meir pengar! Nei, det er ein
jordisk tanke. Tillegget viser noko anna: for Jesus namn skuld. Det er døme på
noko me eig og har kjær som me forsakar for Guds rikes skuld. Mange tenkjer
gjerne på misjonæren som lever mykje av sitt liv i eit framand land for å tala
om Jesus. Eller ein lekpredikant som har lange reiser i vårt eige land for å
forkynna. Ein eldre talar sa til meg ein gong (han er død): Eg reiste ut andre
juledag på talarferd og kom ikkje att før etter påske. Han hadde fleire born og
kone heime. Det kosta, og mange vil i dag kritisera han og organisasjonane som
var slik. Men for
han var det eit kall. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet, sa Paulus. Dei
skal få si løn i æva.
Me kan og tenkja på dei mange kristne i landet vårt
(og andre stader) som forsakar jordiske goder for å kunne gje noko til misjonen.
Det kan for somme vera eit stort offer. I dag lever me i overflod, og våre
gåver blir kanskje små i høve til «ofringane» før. Det skulle me tenkja meir
over.
Dei truande skal erva eit evig liv, seier Jesus. Det er løna. Men det er ei
nådeløn. Me kan aldri fortena noko i Guds rike. «Av nåde alt jeg får hos Gud
fra først til sist,» syng ein songar. Og den som lever med Gud veit godt at det
er slik. Det var nåde med den første forlatinga av synd. Og det har vore nåde kva gong seinare. Og me veit at
når himmeldøra står open for oss når han kjem att er også det av nåde. Det er
Guds gåve til syndarar som tok imot syndstilgjeving.
Han seier noko meir: Det skal få det hundrefald att. Fyrst
trur eg det tyder at livet i himmelen blir uendeleg større enn det me har
opplevd her. Ja, større enn me kan tenkja oss det blir. Hundrefald er eit
sterkt uttrykk. Av eitt såkorn om våren kjem det hundre korn att om hausten. Himmelriket
er det store riket der alt er annleis enn her og stort og rikt på alle måtar.
Då er det underleg at denne verda har så lett for å blenda augo våre så me
ikkje ser litt av det me har i vente. – Dinest kan det tyda at det er fleire
slags løn og av ulikt slag etter vårt eige liv som kristne. Me synes å sjå det
i nokre bibelvers. Paulus skriv at me skal alle fram for Kristi domstol, og me
skal få att etter det me gjorde, godt eller vondt. 2. Kor. 5, 10.
I tillegg til dette kan ordet og tyda at noko av løna
kjem her i livet, det talar Markus om i kap. 10,21. Og slik er det: Den som
ofrar for Jesus, kjenner ei ekstra storm glede over å få vera med. Om me berre
har det klårt for oss at me gjer det for Jesus, vil han vera med oss på ein
ekstra måte.
4. Overraskinga, v. 30.
Då vert mange overraska. Det var ikkje slik me trudde.
Men då skal me sjå rett på oss sjølve og på andre me kjende. For Jesus seier
her til slutt: For mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste
dei fyrst, v. 30. Me tenkjer gjerne at dei som er høge og store her i vera, har
gjort mest. Dei må få størst løn. Eller me tenkjer slik: Det er prestar og predikantar
og misjonærar som får løn. Dei har stått i teneste for Gud og skal få mykje
att.
Når eg tenkjer på dette, kjem eg ofte i hug noko som
Billy Graham sa på eit misjonærmøte i Japan (eller kanskje det var i Korea). Mange
trugne misjonsarbeidarar bar samla, og dei såg opp til Graham som då var på
høgda som predikant i verda. Men Graham sa: «Hvis det blir aviser i himmelen
(han tala sjølvsagt i bilete), vil de ikkje finna mitt namn på framsida. For
det har stått i altfor mange aviser her på jorda. Der vil du finna namnet til
ei ukjend misjonskvinne i Europa som heile livet har arbeidd for misjonen og
som aldri fekk namnet sitt i eit blad.»
Det er nok noko av poenget. Gud har ikkje det synlege
for auga, men det usynlege. Han løner etter hjartelivet. Lat oss difor endå ein
gong gå inn til Gud og be om eit audmjukt hjarta til å leva slik han vil. Då
ser me på nytt at alt er av nåde. Amen.