torsdag 22. november 2012

159) Mark. 5,35-43.



Mark. 5, 35-43.

Jairus si dotter. 17. s. etter treenhet.

Jesus har nett lækt ei kvinne som rørde ved han. Men før det skjedde, hadde ein synagogeforstandar (Jairus) kome til han. Men Jesus braut av den samtalen og tok seg av kvinna først. Han ser alltid kven som treng han mest, og då må andre venta. Og denne teksten konsentrerar seg om soga om Jairus.
Noko kan me læra her:

1. Jairus får vita noko nytt.

Medan Jesus tala til kvinna som han hadde lækt, kom nokre tenarar frå huset hans og sa: Dotter di er død. Han trudde ho var sjuk og ville ha hjelp av Jesus til det. Han visste at Jesus kunne lækja sjuke. No fekk han høyra at det var slutt. Det var ein hard tale. Dei var ikkje diplomatar eingong. Dei berre sa den nakne sanninga, og den kan somme gonger vera tung å ta imot.  

2. Jesus greip inn.

Då skjer det: Men Jesus, står det, v. 16. Han høyrde alt og snudde seg straks til forstandaren og kom med dei finaste ord han kunne drøyma om i den stunda: «Ottast ikkje, berre tru.» No skulle eit nytt under henda. Han skulle få sjå at Jesus makta meir enn å lækja sjuke. Han kan vekkja opp døde og gje nytt liv. Det må ha vore ei forunderleg og ugløymande stund for han. Han var religiøs, kjende skriftene og ein leiar i synagogen i byen. No skulle han få sjå noko nytt. Men alle lærte kanskje noko denne dagen:

3. Jesu hjelp har ingen grenser.

Han hadde lækt ei sjuk kvinne, og kvinner var ikkje sett høgt i samfunnet då. Men Jesus kom med hjelp. Her kom ein av høgare rang, og Jesus gjekk til huset hans og. Men ikkje berre det. Dei fekk no sjå at sjukdom og naud kunne nå alle, både høg og låg. Korkje pengar eller høg stilling er grenser mot det vonde i livet. Det ser me kvar dag. Alle kan bli råma. Men Jesus har heller ikkje grenser for si hjelp. Han går til alle som har opne hjarto og ber han koma. Døden kjem og til alle. Ingen går fri den, men Meisteren hadde makt over det og.

Dette tyder eigentleg at me menneske er meir like enn me til vanleg tenkjer. Me har lett for å plassera folk i båsar og ser difor ulikt på dei. Lenge var det slik at mange såg ned på folk med ein annan hudfarge enn oss. Det har endra seg. Men ennå er det slik at mange ser ned på t. d. jødar. Antisemittismen vart ikkje slutt med Hitler. Den lever framleis, og slik kan det vera med andre mindre folkegrupper og. I Guds rike er det ikkje slik. I utgangspunktet er alle like som menneske. (Det tyder ikkje at alle automatisk blir frelste.)

4. Ikkje alle er med i alt.

Me legg merkje til at Jesus ikkje alltid vil ha tilskodarar. Mykje folk fylgde ofte med han når han gjorde under, som i v. 24. Slik var det truleg også ved Jairus sitt hus, v. 38. Men legg merke til at berre tri av læresveinane fekk vera med inn, v. 37. Han skulle ikkje ha eit publikum som berre ville sjå og kanskje mistyda og dermed kritisera han. Det var dei tri som ofte var med han på spesielle stader som fekk koma inn no: Peter, Jakob og broren Johannes. Han ville heller ikkje med seg inn kvinnene som gråt over den døde. Det var ikkje sikkert at det var ein hjartegråt. Det var vanleg skikk, på den tida, og somme av dei fekk til og med betaling for å gråta. Nei, Jesus ville ha stille og ro i stova.

5. Folk lo.

Til dei som gråt, sa Jesus: Kvifor græt de? Barnet søv og er ikkje død. V. 39. Etter menneskelege tankar skulle han ikkje ha sagt det. Dei berre lo av han og hadde ikkje tiltru til orda hans. Kva kunne han vita om det? Dei visste vel at bernet var død. Det såg dei. Men folk som ler av Guds makt og under, har Jesus ikkje bruk for. Han driv dei ut. Dei skal ikkje vera vitne til at noko stort skjer. Dei vil likevel berre håna han.

Det er nok slik mange stader i dag og. Folk ler av dei kristne og trua deira og har inga tru på Guds under. Dei bortforklarar det som godt dei kan. Jesus tolererte dei som lo ei stund, men til slutt måtte dei gå.

6. Underet.

Då skriv Markus det Jesus sa på sitt eige tungemål: talita kumi. Dei skjøna det han sa: Jente, stå opp. Den tolv år gamle jenta fekk nytt liv og reiste seg straks opp. Underet hadde hendt. Dei kunne mest ikkje tru det. Markus skriv: Dei vart heilt ute av seg av undring. Det var nyheter i Kapernaum der dette truleg hende. Gud hadde gripe inn.

Dette underet kunne ikkje haldast skjult lenge. Det var for stort til det. Likevel sa Jesus at dei ikkje skulle tala til andre om det. Kvifor gjorde han det? I neste kapittel ser me3 at Jesus forlet byen og gjekk heim til Nasaret. Han ville nok gå bort i fred utan mykje oppstyr. Og det kunen skje om dei tagde ei stund. Jesus ville ikkje bli kjendis på grunn av under og teikn han gjorde. Han hadde ein viktigare bodskap til folket: evangeliet om omvending og tru. Slik byrja han si teneste: Mat. 4, 17: Vend om, for himmelriket er kome nær. Det underet er størst, og det treng alle menneske. Amen.