lørdag 24. november 2012

160) Mat. 19, 27-30.



Mat. 19, 27-30.

14. treenhet. Vingårdssøndag.
Denne teksta handlar om løn i Guds rike. Etter at Jesus har velsigna småborna og tale til dei og folket om himmelriket, møter han ein rik, ung mann. Mannen meiner han har halde alle boda og undrast på kva meir han treng. Men han var bunden av denne verda og ville ikkje sleppa sitt eige gods. Han var bunden til rikdomen sin, og det stengde han ute frå himmelriket. Det vart inga løn for han. Jesus er streng og seier: For menneske er det umogleg å bli frelst. Berre Gud kan gjera det. Då stig Peter fram.

1. Spørsmålet, v. 27.

Kva skal vi få, seier Peter. Det er ein naturleg og menneskeleg tanke. Alle vil ha noko att for det dei gjer. Men løna blir heilt ulik det folk flest seier og trur. Guds rike er ikkje som andre rike på jord. Men Bibelen talar verkeleg om løn. Det må me sjå litt på i dag.

Me har forlate alt, seier Peter. Kva då? Dei hadde forlate alt det jordiske dei hadde. Då tenkte Peter: Me må vel få noko att, ei slags løn for dette offeret. Det har nok mange tenkt i ettertid og. Me kan vel ikkje nekta oss så mykje utan kompensasjon.


2. Evigheten, v. 28.

Jesu svar er å peika på æva. Det kjem ein dag då alt blir nytt, ja, verda skal fødast på nytt. Han minner om at han sjølv skal koma att ein gong. Då kjem han ikkje som eit fattig barn i ei krybbe. Då kjem han i herlegdom. Heile himmelens storleik og ære skal så å seia fylgja han.

Løna er ei trone til kvar av dei, og dei skal døma Israels-ættene, seier han. Me veit lite om kva det i praksis tyder, men det må vera noko større enn det jordiske liv som me kjenner i dag.


3. Løn, v. 29.

Jesus gjev ikkje noko konkret svar på kva løna skal vera. Men han seier at den skal vera stor. Det vert også noko større enn me har opplevd her i livet. Me kan heller ikkje tenkja oss kva det blir. Vår tanke er så bunden av det timelege og jordiske livet, at himmelske tankar ikkje får rom der. Jesus visste kva det var, og seier litt.

Kvifor skal me få løn? Jo, det har nett med sjølve offertanken å gjera. Dei som ofrar noko av det jordiske, skal få det att i æva, men på ein annan måte. Han reknar opp nokre døme: Å forlate huset, bor og syster eller far og mor eller born eller åkrar!

Men det er ikkje som sjømannen som reiser over hav og land og er borte frå alle sine – for å tena meir pengar! Nei, det er ein jordisk tanke. Tillegget viser noko anna: for Jesus namn skuld. Det er døme på noko me eig og har kjær som me forsakar for Guds rikes skuld. Mange tenkjer gjerne på misjonæren som lever mykje av sitt liv i eit framand land for å tala om Jesus. Eller ein lekpredikant som har lange reiser i vårt eige land for å forkynna. Ein eldre talar sa til meg ein gong (han er død): Eg reiste ut andre juledag på talarferd og kom ikkje att før etter påske. Han hadde fleire born og kone heime. Det kosta, og mange vil i dag kritisera han og organisasjonane som var slik. Men for han var det eit kall. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet, sa Paulus. Dei skal få si løn i æva.

Me kan og tenkja på dei mange kristne i landet vårt (og andre stader) som forsakar jordiske goder for å kunne gje noko til misjonen. Det kan for somme vera eit stort offer. I dag lever me i overflod, og våre gåver blir kanskje små i høve til «ofringane» før. Det skulle me tenkja meir over.

Dei truande skal erva eit evig liv, seier Jesus. Det er løna. Men det er ei nådeløn. Me kan aldri fortena noko i Guds rike. «Av nåde alt jeg får hos Gud fra først til sist,» syng ein songar. Og den som lever med Gud veit godt at det er slik. Det var nåde med den første forlatinga av synd. Og det har vore nåde kva gong seinare. Og me veit at når himmeldøra står open for oss når han kjem att er også det av nåde. Det er Guds gåve til syndarar som tok imot syndstilgjeving.

Han seier noko meir: Det skal få det hundrefald att. Fyrst trur eg det tyder at livet i himmelen blir uendeleg større enn det me har opplevd her. Ja, større enn me kan tenkja oss det blir. Hundrefald er eit sterkt uttrykk. Av eitt såkorn om våren kjem det hundre korn att om hausten. Himmelriket er det store riket der alt er annleis enn her og stort og rikt på alle måtar. Då er det underleg at denne verda har så lett for å blenda augo våre så me ikkje ser litt av det me har i vente. – Dinest kan det tyda at det er fleire slags løn og av ulikt slag etter vårt eige liv som kristne. Me synes å sjå det i nokre bibelvers. Paulus skriv at me skal alle fram for Kristi domstol, og me skal få att etter det me gjorde, godt eller vondt. 2. Kor. 5, 10.
I tillegg til dette kan ordet og tyda at noko av løna kjem her i livet, det talar Markus om i kap. 10,21. Og slik er det: Den som ofrar for Jesus, kjenner ei ekstra storm glede over å få vera med. Om me berre har det klårt for oss at me gjer det for Jesus, vil han vera med oss på ein ekstra måte.

4. Overraskinga, v. 30.

Då vert mange overraska. Det var ikkje slik me trudde. Men då skal me sjå rett på oss sjølve og på andre me kjende. For Jesus seier her til slutt: For mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste dei fyrst, v. 30. Me tenkjer gjerne at dei som er høge og store her i vera, har gjort mest. Dei må få størst løn. Eller me tenkjer slik: Det er prestar og predikantar og misjonærar som får løn. Dei har stått i teneste for Gud og skal få mykje att.

Når eg tenkjer på dette, kjem eg ofte i hug noko som Billy Graham sa på eit misjonærmøte i Japan (eller kanskje det var i Korea). Mange trugne misjonsarbeidarar bar samla, og dei såg opp til Graham som då var på høgda som predikant i verda. Men Graham sa: «Hvis det blir aviser i himmelen (han tala sjølvsagt i bilete), vil de ikkje finna mitt namn på framsida. For det har stått i altfor mange aviser her på jorda. Der vil du finna namnet til ei ukjend misjonskvinne i Europa som heile livet har arbeidd for misjonen og som aldri fekk namnet sitt i eit blad.»

Det er nok noko av poenget. Gud har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. Han løner etter hjartelivet. Lat oss difor endå ein gong gå inn til Gud og be om eit audmjukt hjarta til å leva slik han vil. Då ser me på nytt at alt er av nåde. Amen.