mandag 19. oktober 2009

1) Fil 1, 29.


Fil. 1,29. Dykk vart det unnt.

Slik var den gamle omsetjinga av dette verset. Nå heiter det m.a. i NB88: De har fått den nåden. KJN omset det slik: Det er gitt dere, på grunn av Kristus. Etter grunnteksta er det ei god omsetjing.

Me er blitt unnt noko av Gud. Her talar me om dei truande. Og det har me fått for Kristi skuld. Det me er og har er på grunn av hans frelsesverk på krossen. Det er aldri på grunn av vår eiga forteneste - for me har ingen. Me går tomhende gjennom heile livet. Alt me har er lånt gods. Gåver frå Gud.

Her nemner han to slike nådegåver. Paulus talar nok av erfaring her som så mange stader. Dette har han sjølv opplevd. han kan vitna med sanning.

1. Å tru på Kristus.

Det første han nemner er trua. Det er det fundamentale i kristendommen. Her tek frelsa til for ein syndar. Me kan aldri gjera noko til frelse, betala avdrag så å seia. Alt får me som gåve, me blir unnt det.

Slik var det med fangevaktaren her i Filippi. Paulus var fange, men Gud greip inn og gjorde eit naturunder. Vaktmannen vart redd og ville ta livet sitt. Då sa Paulus: Gjer ikkje det, men tru på Kristus. Apg. 16,31. Då skal du bli frelst, sa Paulus. Ingen ting anna. mannen skulle ganske enkelt få ta imot ei ferdig frelse. Bibelen er full av ord om trua, og alle frelste trudde på Kristus.

Her får me så høyra at trua er nåde, ei gåve, det vert unnt oss å tru. Fangevaktaren kjende det nok slik - han som ville ta sitt eige liv av otte for romarstaten. Så kom Gud med si gåve. Han fekk lov å tru på Jesus og slik bli berga.

Men me kan ikkje kreva noko. Me kan berre be, spørja - og koma slik me er. Sume vil seia: Eg får det ikkje til, eg har ikkje frelsesvisse. Eg veit ikkje om eg er ein rett truande.
Då kan me minna kvarandre om eit par ting her.

a) Kva er eigentleg frelsa? Og kvifor treng me frelse? Dei spørsmåla kan gjera noko klårt for oss. Då veit me at berre ein ting skil oss frå Gud, synda. Profeten seier det klårt: Dykkar synd har gjort skilsmål mellom dykk og dykkar Gud. Jes. 59,2. Berre det må ordnast. Når synda er borte og tilgjeven, er skilje mellom deg og din Gud borte. Då skal det ikkje meir til.
Det er altså ikkje tale om kjensler og stemning i oss. Det gjeld Guds tilgjeving til frelse.

Etter pinsedag står Peter fram og talar i Jerusalem og seier til jødane: Vend om så syndene dykkar kan bli utsletta. Apg. 3,19. Og då David hadde synda så grovt, sa han: Eg sanna mi synd for deg, Salme 32. Me skal vera ærlege og leggja alt fram for Gud. Svik i anden er å skjula noko eller bortforklara og leggja skulda på andre. David sa: Det er mi skuld. Då står det: Og Gud tok bort mi syndeskuld. Gud tilgav - og gløyme og gøymde synda.

Der synda er tilgjeven, er me frelste. Det er ikkje spørsmål etter kva me kjenner i oss eller "opplever" i sjelslivet. Det er godt å oppleva noko, men det varer sjeldan lenge. Då treng me noko fastare å halda tak i. Og det er grunnlaget for tilgjeving og frelse. Han kan tilgje avdi Guds eigen son har betalt for alt. Og det står fast i alle æve.

b) Eit anna spørsmål er: Kva er trua? Du prøver kanskje å få det til å tru, men lukkast ikkje. ­Då er det lett å gi opp, eller å gå gjennom livet som ein usikker kristen med lite glede i Gud.

Ordet i Rom. 10,17 har vore til hjelp for mange.Der skriv den same Paulus: Så kjem då trua av forkynninga - - og forkynninga kjem ved Kristi ord. KJN skriv dette slik: Så kommer da troen av det en hører, og det en hører kommer ved Guds ord.

Det å høyra er altså viktig. Og det er svært viktig kva ein høyrer. For det me lyttar til, skaper tru - eller tillit til det som vert sagt. Då vil me tenkja: det er sant det han seier.

Ordet om frelse står berre ein stad: i Guds ord. Der finn du vegen. Difor er det naudsynleg å høyra ordet forkynt - då blir trua fødd i hjarta. Difor seier profeten: Høyr, og du skal leva. Jes. 55.

Då vert det unaudsynleg å grava i sitt eige liv etter frelse. For då har du høyrt kva frelse er og kor du finn henne: I Guds ord - der høyrer du om Kristi frelsesverk. Og det held. Det er sikkert gjennom all tvil og alle vanskar.

Difor skulle me høyra mykje. Men viktig er det å høyra ei rett forkynning. Me skal ikkje fara hit og dit og få med oss alt som vert tilbudd på torget i vår tid. Det er den sikre veg til tvil eller iv erste fall ein falsk kristendom.

Dykk er det unnt - å tru.
Kristendom er nåde og gave.

2. Å lida for Kristus.

Paulus hadde kjent på kroppen kva liding var. Han visste det ikkje var romantikk og lette dagar. Han skriv sterkt om kva han sjølv har vore gjennom til dei kristne i Korint: "Eg har fått fleire slag. Eg har vore fleire gonger i fengsel. Eg har ofte vore i dødsfare. Jødane har fem gonger gjeve meg fortsi slag på eitt nær. Tre gonger har eg vorte hudfletta, ein gong steina, tre gonger har eg lide skipbrot, og eit døger har eg vore i djupet. Ofte har eg vore på reiser - i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare i by, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og torste, ofte i faste, i kulde utan klede." 2. Kor. 11,23b-27.

Han visste kva liding var. Likevel seier han: det er nåde.
Motgang var eit teikn på ei rett tru. Det høyrde med - avdi me lever i ei vond verd som hatar Gud og hans folk. Til Timoteus skriv han: "Alle som vil leva gudfryktig i Kristus Jesus, skal verta forfylgde" 2. Tim. 3,12.

Det er eit sterkt ord til oss som har det så lett og godt. Det har dømt meg ofte. Har me det for godt i landet vårt? Me opplever så lite motstand. Er me ikkje tydelege nok i trua?

Dei første kristne var glade når dei måtte lida. Dei kjende gleda i seg over å få likna Jesus på den måten også. Apg. 5,41. Smerten i kristenlivet høyrer med. Det skal me hugsa når me kjenner litt spott og høyrer hånord for at me trur på Guds ord og seier me er frelste.

Me opplever det for Jesu skuld.
Om Moses står det: Han akta Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. Hebr. 11. Han såg fram til løna. Det var løysinag for han og, slik som for martyrane. Mange gjekk med smil om munn mot løvene i Rom, sjølv om dei kunne skjelva og ynskja å få leva litt lenger. Som Paulus visste dei at det beste var igjen, dei kunne gleda seg over at reisa var over. Dei stod snart ved målet. Fil.1, 23.

Det er nåde å lida for Jesus.
Dykk vart det unnt, ikkje berre å tru på Kristus, men og å lida for han. Slik skriv Paulus. Det er Guds ord.