søndag 22. juli 2012

146) Joh. 20,24-32.


Tomas tvila.

Joh. 20,24-32. 2.e. påske.


Denne gongen talar Jesus om teikn, særleg til Tomas. Ingen av dei tri andre evangelia (synoptikarane) har fortalt om dette. Biskop J. C. Ryle i England (som skreiv dette i 1856) noterer at det kjem i det siste av evangelia som varet skrive for å skåna Tomas og hans nære slekt for at han tvila slik. Det er Guds visdom som ordna det slik. Og det viser og at apostlane var ærlege når dei også kunne skriva om negative sider ved Guds folk.

1. Tomas sine sterke ord.

Vår tekst tek til med nokre sterke utsegn frå ein læresven. Jesus var oppstaden og somme hadde møtt og sett han. Det fortalde dei til Tomas som var ein av dei tolv. Men han hadde ikkje vore saman med dei heile denne tida.
Det er ikkje sikkert at han var verre enn dei andre, for dei hadde ikkje i same stoda som han. Men han talar som ein rasjonalist i denne stunda: Dersom eg ikkje får sjå, vil eg ikkje tru. Han ville ha prov for oppstoda. Det er ein rasjonalistisk tenkjemåte. Dei vil sjå og forstå. Slik er det mange i vår tid også.

Då kan me spørja: Er ei slik «tru» verkeleg ei tru? Bibelen definerer trua som «overtyding om ting ein ikkje ser». Hebr. 11, 1. For trua held seg til det Gud har sagt og lita på det. Det er trua sin essens. Det er ikkje mine kjensler eller mitt vit som avgjer noko av dei åndelege ting. Når eg finn det i Guds ord, har eg fått tillit til det ordet og byggjer på det. Trua seier: Gud har sagt det. Då er det slik.

Me legg og meerke til det uttrykket Tomas nyttar: Då vil eg ikkje tru. På gresk nyttar han ei dobbelnekting, som om han ville seia på norsk: på ingen måte vil eg tru. Bibelen Guds ord har her ei god omsetjing: Hvis jeg ikke får de, … kan jeg slett ikke tro. Omsetjinga frå 2011 er svak her: Det trur eg ikkje før… Prof. Olav Moe er sterk i si fortolking: «vil jeg ingenlunde tro.» Og han strekar under at dette og viser at han på førehand tvilte på at han verkeleg ville få sjå det. Det viser truleg at me kan med rette kalla han ein tvilar. Slik er han representant for mange menneske i dag. Men det ser ut til at han var ein ærleg tvilar i motsetnad til mange nå som ser ut til å vilja tvila. Det er blitt ein moderne livsstil. Og dei er vanskelegare å hjelpa enn Tomas var.

2. Tomas møter Jesus.

Etter ei veke får Tomas oppleva det han ikkje trudde kunne skje. Og det hende og ved eit under. Læresveiane var med rette redde og ottast represaliar frå jødar. Alt hadde vore så uverkeleg i denne tida at me hadde truleg vore lik dei. Nå låste dei dørene i huset og meinte dei var trygge for vitjing av alle slag.

Då stod Jesus der plutseleg. Han berre var der. Nå var Tomas med dei, det var og etter Guds orden. For Jesus hadde omsut for tvilaren. Han ville møta han, og det skulle skje på ein måte som ville overtyda han om at Jesus var noko meir enn andre menneske. Han hadde truleg gløymt alle under og teikn han hadde sett i åra før. Nå såg han det: Jesus opna ikkje ei dør, han berre var der. Det kunne ingen andre.

Og Jesus helsa med fred (sjalom). Det gjorde han ofte. Men nå må det ha dempa uro og tvil hjå denne vesle flokken, og serleg hjå Tomas. Det fylgde noko godt med Jesus og orda han. Så vender han seg til Tomas, og dåp viser han at han visste kva som rørde seg i hjarta hans. Jesus kjende til tvilen utan at nokon han sagt det. Kanskje det og gjorde Tomas forundra.

Tomas hadde sagt at han måtte få sjå naglegapa og stikka fingeren i sida der spydet hadde gått inn og leggja handa i sida hans. Han vart nok også forundra då han høyrde det Jesus sa. Det var jo svaret på tvilen hans: Rett fingeren din hit, og sjå hendene mine. Rett handa di hit og legg henne i sida mi. Det var ikkje reprimande eller korreks, men hjelp til ein tvilar. Jesus kom han i møte, som om han tenkte: Treng du sjå dette for å tru på meg, skal du få sjå det.

Det må ha vore ei underleg stund for Tomas. Tenk han visste kva eg tenkte og sa. Då han nå såg det, vart det sterkt: tenk, det er Jesus. Han må vera oppstaden. Det var sant likevel det dei andre sa. Dei hadde sett han før. Men så talar Jesus:

3. Jesu tale.

Først kjem dette: Ver ikkje vantruen, men truande. Han sa det nok ikkje hardt og skræmande. Det var ikkje Jesu metode. Tomas vart truleg skamfull. Me plar bli det i slike situasjonar. Han visste at han hadde vore full av vantru. Men nå var trua der. han kunnelikevel tru på ein slik Frelsar. Det viser svaret hans: Min herre og min Gud. Jesus var blitt personleg for han, ein som han nå kunne byggja livet sitt på. Det er slik me og opplever møtet med Jesus.

Meisteren har endå eit ord til Tomas, v. 29. Det var synet som gjorde at Tomas trudde. Han fekk eit prov som gjorde at han måtte tru. Då var det ingen veg utanom. Og Jesus avviste ikkje denne trua. Dei to hadde fått kontakt med kvarandre: Den eine som Gud og herre, og den andre som ein truande.

Men då sa Jesus noko som måtte svi i sinnet: «Sæle er dei som ikkje ser og endå trur.» Det gjeld ikkje berre Tomas. Dei andre læresveinane trudde også først då dei såg han – eit unnatak kan vera Johannes. Jesus talar nå generelt om trua sitt inste vesen og slik det alltid må vera.
Med det peikar han og framover mot tida etter himmelfarten som prof. S. Odland peikar på. Då er han ikkje lenger synleg i verda, og me må alle tru utan å sjå han synleg.

Likevel er synet ei hjelp for trua. For Johannes skriv nå om at det var mange andre under og teikn som Jesus gjorde. Men desse var skrivne for at folk skulle tru og slik ha æveleg liv. Det skriftlege vitnemålet om Jesus er slik ein representant for Jesus. For Skrifta viser kven han var og kva han sa. Og det er nok for oss til å tru.
---