lørdag 21. april 2012

144) Mark. 13, 21-27


Før Jesus kjem.

Mark. 13, 21-27. 6.s. Åpenb.

Teksten handlar om ein dag når Jesus kjem att i sky. Menneskesonen skal koma, v. 26. Før den dagen vil mykje henda her i verda. Det vil Jesus seia noko om her, og med det vil han åtvara oss slik at me er ferdige når tida er inne.

1. Tru ikkje alt.

Me skal ikkje vera så godtrune når det er tale om endetida. Folk vil seia og meina så mangt om det, v. 21. Snart er Messias her og snart der. Kyrkjer og organisasjonar og predikantar kan tala sterkt om dei siste dagar og kva tid Jesus kjem att. Somme er snare til å ta imot det og er sikre på kva som skjer ganske snart.

Det er rett at me skal akta på teikna og alltid vera budde på hans kome. Men teikna og talen om dette må stamma med Bibelen sine ord. Det må det alltid, men her er det sers viktig for det er så lett å ta feil. Me kan tru at me er dei første som har opplevd slike ting, og difor må endetida vera nær.

Litt innsyn i soga vår og verdssoga vil visa at det har vore mange tider tidlegare då det var mykje likt nå, men han kom ikkje. Nokre predikantar tala svært om Jesus SÅ vær. Då skal me berre tru det som Ordet seier og det som stemmer med det. Og me kan tenkja til alle tider: Kanskje kjem han snart, og då lyt me vera ferdige til å møta han.

2. Falske arbeidarar.

Tenk at det kan vera slik! Gjennom alle tider har det vore predikantar som står fram og meiner mykje og har eigne tolkingar av mangt i Bibelen. Det gjeld ikkje berre dei siste tider. Det gjeld ikkje minst frelsa og måte den skjer på.

Her kan me og tenkja på Mat. 24 som talar om desse ting. Til desse arbeidarane kan me rekna ein del sekter som manglar det vesentlege i evangelisk kristen lære. Men det er også slik predikantar og kyrkjer som nektar å fylgja den bibelske moral og livsførsel. Når nokon lever i synder mot Guds bod som fylgje av dette, er dei ikkje med og samlar til Kristus men spreier. Og då+ er dei ikkje rette arbeidarar.

Og me kan kanskje finna slike einskilde arbeidarar i fleire kyrkjer og samfunn. Då skulle ei rett kyrkjetukt gjera at dei vart stengde ute frå tenesta.

3. Teikn og under.

Det vekkjer alltid stor oppsikt når nokon kan lækja sjuke eller gjera andre store teikn som folk kan sjå. Då er mange snare til å meina at dette må vera rett. Berre Gud kan gjera slik, seier dei. Men det er ikkje sant. Jesus gjer det klårt at andre og kan gjera store ting. Heidningar gjer det og ikkje minst vil Antikrist gjera det.

Her må me og prøva alt på Guds ord. Stemmer det med det Gud har sagt? Seier Han at det er teikn på Guds gjerning at nokon blir frisk? Og har han sagt at det er slik vekkinga skal koma? Det er ei kjend sa mellom misjonærar at ulike «under» kan skje også der. Det skulle gjera oss varsame med dette uansett kor det skjer.

4. Naturen.

Teikn skal også henda i ytre ting, i natur og folkeliv. Det skal verta trengsle, og sola og månen skal verta mørk. Korleis det skjer eller kor lenge det varer er uvisst. Stjernene skal falle ned frå himmelen, og himmelkreftene skal skakast og oppføra seg «unaturleg». Dette lyder ganske dramatisk. Endetida vil ikkje bli stille og roleg der alt går sin vante gang som i hundrevis av år før.

Her kan me visa til m. a. Mat. 24, 29 og 37 ff.

5. Englane kjem.

Då kjem Jesus! Han er i skyene med stor kraft og herlegdom. Det vil truleg tyda at alle folk då skal sjå det og etter kvart skjøna kva som har hendt. Difor må dette bli ein reint uhyggeleg dag for dei som ikkje trudde på han. Nokre av dei vil hugsa ordet om dom og straff og evig død. Så går det opp for dei at det er for seint å venda om.

Ved denne dom skal alle vera med i verda. Gud skal senda englane sine ut og samla dei utvalde og henta dei heim til seg. Dei vil gå til alle land og område i verda. Dei fire vindretningane tyder på det. Over heile universet skal dei gå. Sjå v. 27.

Du som er eit Guds barn skal vita at han kjenner deg på namn og han veit kvar du bur. Difor vil englane finna deg og ta deg heim att. Han hentar alle – frå gravene og havet og dei som er gløymde og bortgøymde i dag. Då tek æva til. Jordelivet er slutt for godt på den måten me kjenner det. Og eit nytt tilvære tek til, utan tidsavgrensing eller noko hinder. Æva er det fullkomne livet saman med Gud og alle hans vener.
- Det er ikkje sagt her at alt skal skje på same tid. Andre stader i Bibelen viser at hendingane i den siste tida skal skje trinnvis og i avdelingar. Poenget i teksten vår her er AT det skjer. At Gud har kontroll over alt og vil sigra til slutt.