onsdag 16. januar 2013

175) Mark. 10, 28-31.



65)


41. Mark. 10, 28-31.


23. s. Treenighet.


Peter er ordførar som ofte elles. Han fører ordet og seier gjerne det dei andre tenkjer. Jesus har tala med og om den rike, unge mannen og åtvara sine mot rikdomen. Den kan forføra oss bort frå Gud. Det er vanskeleg for ein rik å bli frelst, seier han rett ut. For rikdom har ein eigen evne til å binda sjela og tanken til seg. Då misser alt anna verdi.

Difor er kjærleik til pengar så farleg. Farisearane var pengekjære, Luk. 16, 14. Og ein arbeidar i Guds rike må ikkje vera det, skriv Paulus. 1. Tim. 3, 3. For pengekjærleiken er ei rot til alt vondt, 1. Tim. 6, 10. Bibelen tek det altså på alvor og åtvarar oss på det sterkaste. Det er fleire røter til det vonde for oss. Men pengar er ei kraftig rot som har ført mange i avgrunnen.

Då teke Peter ordet:

1. Eit offer.

Me har forlate alt, kva skal me få? Det var Peter sine tankar då. Dei hadde ikkje meir enn dei trong frå dag til dag. Slik var dei fattige folk etter vår standard. Men det var eit offer å fylgja Jesus på fleire måtar. Dei var stadig på reis gjennom heile landet fleire gonger. Dei fekk truleg pengar og mat hjå folk dei møtte. Men ikkje noko var fast inntekt, og dei visste ikkje kva neste dag ville føra med seg.

Framleis er det slik sjølv om det vert på andre måtar. Men kallet frå Gud inneber alltid ei forsaking. Jesus tala om at dei truande ville møta motgang, til og med frå sine eigne. Mange kristne har møtt direkte forfylging for si tru. Andre veret håna og mobba meir i det skjulte. Det er ein pris me må betala om me skal fylgja Jesus.

2. Kompensasjon.

Jesus er raus. Han gir store lovnader til dei som går ærend for han av hjarta. Og det strekar han under med uttrykket: Sanneleg seier eg dykk, v. 29. Han vil visa at det verkeleg skal gå dei godt – nokre gonger gjeld også her i livet, men alltid i æva. Dei truande skal få noko att for det dei gjer for han.

Dei som har forlate slekt og eigedom dei hadde i arv på grunn av evangeliet, skal få kompensasjon. Det kan vera misjonæren som dreg til andre land. Før i tida visste dei ikkje om dei kom heim att nokon gong. Alt var så usikkert. Til ein viss grad gjeldet framleis. Eller det kunne vera ein predikant eller pastor som sa frå seg arveretten til gard og grunn for å tena Gud andre stader i landet. Eller ei kvinne som sa nei til ekteskap og born og familie for å gi tida og livet sitt i teneste for Gud som sjukepleiar eller anna.

Dei skal få noko att. Ja, dei skal få meir att enn dei gav avkall på. Hundrefald, seier han. Det er mykje. Og dei skal få noko av det her i livet. Dei skal ikkje mangla vener eller arbeid eller innkome.

Eg hugsar ei kvinne som hadde vore skodespelar tala i kyrkja heime då eg var barn. Ho sa: Då eg fortalder at eg måtte forlata teateret og alle venene der av di eg var ein kristen, lo dei og sa: Du vil ikkje finna ein einaste ven i heile landet når det skjer. Men, sa ho: Eg har aldri hatt så mange vener som må. Eg møter dei alle stader kring i landet der eg møter Guds folk. Dei er mitt folk nå, sa ho.

Slik kan mange seia. Me fann nye vener hjå alt Guds folk kor dei så bur. For me er alle eitt i Kristus og høyrer han til.

Og i den komande verda, seier Jesus, skal alle me truande få evig liv. Og det er meir enn alt her i verda. Me fortener ingen ting. Han seier ikkje det. Men han gir alt me treng som gåve. Me skal få det, seier. Det er nåde. Det evige livet er også nåde for oss alle menneske. Men då hender noko overraskande for somme.

3. Eit uventa skilje.

Jesus seier til slutt: Men mange som er dei fyrste, skal verta dei siste, og dei siste dei fyrste. Det hadde ikkje alle rekna med.
Puritanaren Matthew Henry tolkar dette om dei tolv læresveinane. Det var dei fyrste som fylgde Jesus, men det skulle koma andre etter dei som kanskje skulle gjera større gjerningar. Slik kom Paulus etter dei, men han fekk gjera mykje for sin Herre. Og slik kan det vera til alle tider i kyrkjesoga. Me har sett og høyrt om mange som har gjort store ting for Gud, men kanskje det ennå vil koma nye og «større» vitne etter vår tid.
Somme har kanskje venta at dei skulle få ein ekstra plass i Guds himmel av di dei var viktige i si tid. Me veit at nokre læresveinar bad om det. Men Jesus avviser alt slikt. Det er Gud åleine som styrer. Me skal gleda oss over å få vera Guds barn her i tida og seinare i æva.