mandag 24. mai 2010

4) Rom. 3, 9-11.


Rom. 3, 9-11; Salme 14.
Guds attest om oss.

Me får attest om oss sjølve når me t.d. skal slutta i eit arbeid. Attesten er ofte avgjerande for oss. Det er ikkje spørsmål etter kva me meiner om oss sjølve, men kva arbeidsgjevaren meinte.

I denne teksten finn me Guds attest om oss, kva han meiner om menneska i sin syndige tilstand. Også i denne saka er Guds meining avgjerande. Og han gjer ingen skilnad på menneska. Har me (jødar) noka føremon, spør Paulus. Nei, er svaret i dette tilfellet. For Gud er alle like.

Hovudsaka er her: Alle er under synd. Det er konklusjonen i attesten. Og det kan me sjå på to måtar.

a) Erfaringa syner det. Me ser det kvar dag i aviser, TV og radio. Ofte møter me det mellom våre medmenneske. Eit ærleg menneske vil og kjenna synda kor ho rår i vårt indre.

b) Dinest seier Skrifta det klårt og utan minste tvil. Paulus siterer her to like skriftstader – Salame. 14, 1-3 og Salme 53, 1 ff. Mange andre steder i Skrifta er det  sagt. Og det er avgjerande.

Korleis ser me så ut i Guds augo?
Her skal me setja opp fleire punkt i Guds attest, og det er likt for heile verda, anten me er kvite eller farga, lærd eller ulærd, i høg eller låg stilling.

1. Ingen er rettferdig.
Det seier Gud i v. 10. Rettferdig kan óg tyde: Slik me skal vera, slik Gud ventar av oss eller vil ha oss. Det tyder i slike vers fullkomen. I Salme 14, 2 seier David at Gud skodar ned på menneska og ser. Korleis er den skapnaden som er hans eie verk, nå etter syndefallet? Svaret er: Ingen. Me held ikkje  mål i Guds augo. Ingen er rett for Gud med det me presterer sjølv, ikkje om ein gjer sitt beste for å fylgja Guds lov og bod. Eit påstått ”ærleg” sinn vil ikkje hjelpa han her.

Så forderva er altså heile verda. Ikkje ein er fin i Guds auga. Me kan rekna dei opp: Abraham, David, Moses, Jesaja, Paulus. Alle vert dei like her: urettferdige for Gud. Og slike er det med alle i heile verda.

Sant nok er somme ”betre” enn andre i det ytre. Somme har makta å halda seg betre moralsk sett  og lever som fine og gode menneske.

Men er det til stor hjelp når ingen rekk heilt opp. Ingen har oppfylt Guds lov heilt og fullt. Skal t.d. plotikonstablane vera minst 1, 70 m. høge, er det ingen skilnad på to om den eine er 1, 52 og den andre 1, 69 ½. Ingen nådde opp, begge vart vraka.
Difor treng me alle ei ny rettferd, ei som er slik at ho held for Gud. Og det kan berre Gud gi.

2. Det andre er: Ingen er vis eller forstandig, v. 11.
I menneskelege spørsmål som talar om økonomi og fordelar, kan me visst meir enn nok. Her veit me oftast å stella oss rett og best for oss sjølve. Men her talar me om tilhøvet til Gud. Om det seier Paulus til Titus: Me var alle uforstandige, Tit. 3, 3. Og det var me på fleire måtar:

a) Me såg ikkje korleis me var, såg oss ikkje sjølve rett. Me spegla oss i andre menneske i staden for i Bibelen og i Jesu liv. Stemmer vårt liv med det me ser det? Me såg ikkje at me var utan rett hjå Gud. Me hadde stelt oss slik at me ingen ting kunne krevja hjå han. Ingen av oss ser synda vår slik me skulle, i heile si svarte djupn og gru. Me vil alltid forsvara oss sjølve, finna årsaker som frikjenner oss – i det minste litt.

b) Me såg heller ikkje frelsesvegen slik Gud har gjort han kjent. Me trur alltid at me veit det best sjølv.

c) Heller ikkje har me – som kristne – visdom nok til å tena Gud rett. Me forstår ikkje Guds vilje på noko vis. Me var formørka i tanken (Ef. 4, 18). Av natur er me heilt blotta for rett og sann kunnskap om Guds frelsesveg.

Vår formørkede forstand, kan jo ikkje sannhet kjenne….- Difor må Gud gi oss det óg, slik han vil gjera det i Kristus. 1. Kor. 1, 30.

3. Me søkjer ikkje Gud.
Grunnen er at me ikkje har visdom og vit til det. Det er sant om heile verda. Gud er ikkje med i våre interesser. Om det må me seia tre ting:

a) Me skjøna ikkje at det var naudsynleg. Menneska har ovlag stor tru på seg sjølv. Me meiner me skal greia oss utan Gud. Og dersom ikkje folk skjønar at dei treng Jesus til frelse, vil dei ikkje søkja han. Folk på sjå at dei går fortapt. Før såg visste folk flest det betre enn nå. Ei side ved det moderne heidenskap er nett dette: Folk er blinde og ser ikkje at dei treng Gud. Dei greier seg godt utan. Nokre jødar på Jesu tid var slik, difor kom tårene hjå Frelsaren. Dei kjende ikkje den laglege tida då Jesus kalla. Luk. 19, 42-44. Og kven kjenner den?

b) Vidare vil me eigentleg ikkje bli frelste. For det tyder ei audmjuking hjå oss. Me må bøya oss for Gud og gi oss over til han – og det kostar for kjøtet. Nett dette sa Jesus til farisearane: de ville ikkje. Mat. 23, 37.

c) Me søkjer ikkje Gud, men oss sjølve. Me søkjer ofte det som ”behagar” oss mest. Me vil leva slik me vil. Det er kjøtet.

Og dette er sant om alle.Ingen er betre enn andre. Det vert ein anklage, v. 9. Me er dømde som syndarar, v. 7. Når Anden får syna oss det, står me med ein lukka unn og er skuldig for Gud, v. 19. Og når eit menneske blir frelst, har det difor ikkje noko å rosa seg av. Det er Guds attest.

Då burde han forkasta oss. Men det gjer han ikkje. Han elskar oss, Joh. 3, 16. Og difor søkjer han oss midt i synda vår. Luk. 19, 10. Han vil gi oss eit rett syn og ei ny rettferd som er av Gud. Alt dette får me gratis ved å tru på Jesus.

Har du teke imot det? Utan han er du fortapt? Kom i dag!
.